Tilsyn med utleigebustader startar måndag

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 02.09.2023 22:09

Målet er at kommunane sjølv skal få betre oversikt over utleigeobjekt som ikkje held mål, skriv direktoratet i ei pressemelding.

– Denne hausten har mange slite med å finne seg eit krypinn, særleg studentar i pressområde. Det betyr ikkje at du skal ta til takke med kva som helst, seier direktør i Direktoratet for byggkvalitet, Per-Arne Horne.

Kommunen oppsøkjer ikkje eigarar av hyblar eller andre utleigebustader vilkårleg. Eit tilsyn kjem berre etter eit eventuelt varsel. Då kan kommunen aller først opprette dialog med eigaren og be om meir dokumentasjon om eigedommen. Viss noko ikkje ser ut til å stemme, kan det ende med eit besøk frå kommunen.

Horne oppmodar alle til å melde frå til kommunen viss dei har sett eller vorte tilbodne ein bustad som heilt klart ikkje tilfredsstiller krava til rømmingsvegar eller inneklima. Eller viss dei trur at leigebustaden ikkje er lovleg oppført. Kommunen kan då gjennomføre eit tilsyn.

– Kommunen kjem aldri uventa, og vil varsle om eit besøk god tid i førevegen. Dette handlar ikkje så mykje om å finne feil. Vel så viktig, er tanken om å rettleie og hjelpe eigaren med å finne fram til lovlege og gode løysingar for utleige.


Kollasj av hybelrom og annonser frå hybel.no.

Foto: Norbert Levajsics via Unsplash/skjermdump hybel.no/kollasj av Framtida.no.