Fæbrikstad gjer seg klar til «LAN» for syinteresserte

Nynorsk Pressekontor
Publisert

Dagens store klesforbruk byr på miljø- og klimautfordringar. No vil sykollektivet Fæbrik fyre av startskotet for ein meir berekraftig motekultur, ved å fylle Vikingskipet med fleire tusen sy- og ombruksglade menneske frå heile landet.

Det var Ingrid Bergtun, Mari Norden, Ingrid Vik Lysne og Jenny Skavlan som i 2020 starta Fæbrik. I fyrste omgang skulle dei dele kontor og ha ei lita verksemd på sida for å dekkje kontorutgiftene, ved å lage videoar der dei skulle lære bort saum.

Men så kom korona og mykje av individuelle avtaler og jobbar blei kansellert.

– Da vi fekk landa litt i den nye kvardagen og fekk betre tid, bestemte vi oss for å ikkje berre produsere videoar, men òg sleppe eit mønster, seier Bergtun.

Etter dette har Fæbrik heldt fram å vekse, og til hausten skal dei realisere det som har vore ein draum sidan starten i 2020.

Motstemme

– Fæbrikstad blir ein kjempestor festival. Vi er veldig inspirerte av The Gathering og vil lage LAN for alle som er interesserte i sying, fortel Bergtun engasjert om festivalen som finn stad i Vikingskipet 2.-3. september.

Her vil Fæbrik feire ombruk og handtverk, og samle dei flinkaste aktørane innan vintage, strikk og sying som dei veit om.

– Med Fæbrikstad håpar vi å lage noko som samlar bransjen som driv med berekraftig mote, i tillegg til at det blir noko lærerikt, gøy og kanskje revolusjonerande for dei som kjem.

Oppe frå venstre: Ingrid Bergtun. Mari Nordén, Jenny Skavlan og Ingrid Vik Lysne. Foto: Fæbrik

Eitt av Fæbrik-damene sitt største mål er å sette ljos på kor skadeleg klesindustrien er for klima og skape eit alternativ til fast fashion som ein blir påverka til å forbruke gjennom ei mengd ulike kanalar.

– Når vi no skulle lage ei motstemme, ønskte vi å lage ho høgt og tydeleg, gjennom å samle dei aller beste i Noreg innan feltet og vise korleis mote kan vere gøy og berekraftig samtidig.

Frå fast til slow fashion

Tekstilar er nemleg det fjerde mest belastande forbruksområdet, etter bustad, mat og transport, ifølgje Forbrukarrådet.

Den store shoppelysten til nordmenn, har mellom anna ført til at kvart femte plagg i klesskapa rundt omkring aldri eller svært sjeldan blir brukt og tekstilavfallet frå private hushald har auka med 80 prosent dei siste 15 åra.

Samtidig er gjenvinning og resirkulering av klede krevjande prosessar, som er lite utbreidde. Organisasjonen Sortere skriv at kleda vi kastar i dag ofte er av så dårleg kvalitet eller blandingsmateriale at det ikkje kan resirkulerast i det heile.

Det vi leverer i ombrukskonteinarar er det heller ikkje nokon garanti for at blir gjeve eller selt vidare.

Ei løysing på eit berekraftig forbruk ligg i at vi må bruke det vi har lengst mogleg, meiner Forbrukarrådet.

Ein del av denne løysinga handlar om at vi sjølve må sy om, byte, låne, kjøpe brukt, arve og ta godt vare på klede vi har.

Fæbrikstad

Nett desse punkta ønsker Fæbrik å vise kan vere både lett, tilgjengeleg og gøy gjennom helga på Hamar.

Festivalarenaen vil vere todelt der eine halvdelen vil bestå av Fæbrikken der det vil bli halde sykurs der deltakarane skal sy kvar sin frakk.

Andre halvparten vil bestå av landsbyar der ein kan handle vintageklede, lære seg å strikke eller kjøpe overskotsmateriale –Vintage Village, Knit City og Sew Central.

– Det vil òg vere underhaldning frå scener, som debatt med næringsminister Jan Christian Vestre, kurs med Josefine Dyring om korleis ein skal hekle Bøttebag og det kjem to stykke frå Ghana som bur i nærleiken av der klede vi kastar blir dumpa i store søppelhaugar, fortel ei engasjert Bergtun

Inkluderande

I tillegg til berekraftsaspektet handlar Fæbrikstad om eit ønskje om å lage ein møteplass for dei som syr og har same lidenskap for ombruk.

– Det kan vere mange som kjem aleine til Fæbrikstad, så vi har fokus på at det skal vere lett å bli kjent med andre der.

Johanne Sofie Nordgård tek bachelor i utøvande klassisk trompet i Stavanger. I september finn òg ho vegen austover til Hamar – utan å kjenne nokon andre som skal dit.

Syentusiast Johanne Sofie Nordgård. Foto: Privat

– Eg skal reise dit heilt aleine. Sjølv om eg synest det er skummelt, gjer eg det fordi eg gjerne vil bli kjent med nye folk med same interesse.

Nordgård, som berre har sydd eitt år, har kjøpt sypasset som inneber at ho skal sy ei jakke i løpet av helga – det er det ho gler seg aller mest til.

– Då skal ein sitte saman med mange andre og vi kan hjelpe kvarandre. Då trur eg eg kan lære veldig mykje.

– Vi må ta vare på kloden

Hege Tiller skal ta vegen frå Bergen for å delta på Fæbrikstad. Ho er takksam for at tekstil- og ombruksaktørar blir samla på ein plass. Spesielt for folk som bur stader der det ikkje er noko særleg med bruktbutikkar.

– Det er òg fint å kunne møtast og løfte kvarandre fram, for det er ein einsam hobby. Sjølv om ein finn fellesskap på sosiale medium, er det fint å kunne møtast fysisk, seier Tiller.

Syentusiast Hege Tiller. Foto: Privat

Bergensaren har sydd heile livet og har utdanning innan saum. Etter at symaskina støva ned nokre år fann ho igjen sygleda i fjor. Etter det har ho sydd masse – mest til seg sjølv, men òg dei vaksne barna sine.

Tiller syr nesten berre av gjenbruksstoff eller brukte material, og ser fram til å leite etter det på Fæbrikstad.

– Eg skal ikkje kjøpe meg eit nytt plagg så lenge eg lever. Kanskje eg må kjøpe inn truser og sokkar, seier Tiller og fortset i ein meir alvorleg tone:

– Vi må ta vare på kloden.

Verdsrekord

Sykurset som folk reiser land og strand for å delta på, skal Bergtun halde saman med dei tre kompanjongane sine. I tillegg til å samle 1200 personar som alle er glad i saum, skal dei òg prøve å sette verdsrekord.

– Vi har teke kontakt med Guiness rekordbok, så no kjem det ein representant frå dei som skal vere vitne til at vi skal sette verdsrekord i samsaum. Det var faktisk ganske omfattande å få dei med på laget, ler Bergtun.

For å ta denne verdsrekorden må alle deltakarane sy samtidig i fem minutt.

Men først og fremst gler Bergtun og resten av Fæbrik seg til å skape eit rom for å vere leiken og ha det gøy med klede, samtidig som at det ikkje kostar miljøet noko.

– Eg ser skikkeleg fram til berre det å kjenne på stemninga som vi kjente på da vi var på studietur til Vikingskipet under The Gathering. Eg håper vi får til det same.


Kleskjeda Shein er i hardt vêr om dagen. Foto: Shein / Pressebilde