Nye demonstrasjonar i Myanmar etter militærkuppet
Politiet brukar vasskanonar, tåregass og gummikuler mot demonstrantane, ifølgje internasjonale medium.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det er fjerde dagen på rad at demonstrantar tar til gatene i Myanmar for å krevje at demokratiet blir innført att, etter at hæren 1. februar gjennomførte eit kupp.
Det melder norske NTB og fleire internasjonale medium.
Leiar i Myanmar, Aung San Suu Kyi, og fleire regjeringsmedlemmer er pågripne, og hærsjef Min Aung Hlaing er utnemd til fungerande president. Suu Kyi er no i husarrest.
Ho fekk Nobels fredspris i 1991 for å ha kjempa for demokrati i landet, men har sidan blitt skulda for folkemord mot rohingyane.
Partiet hennar NLD vann valet i november 2020, som var det andre demokratiske valet i Myanmar etter nesten 50 år med militærdiktatur.
Hæren meiner valet var prega av fusk og få timar før den nyvalde nasjonalforsamlinga skulle tre saman for første gong gjennomførte dei eit kupp.
Åtvara mot å øydeleggje demokratiet
I kjølvatnet av militærkuppet oppmoda Aung San Suu Kyi folket til å motsette seg kuppet.
Militærjuntaen har på si side åtvara demonstrantane mot å ikkje «øydeleggje demokratiet» i ei kunngjering på statskanalen MRTV.
– Det vil bli slått effektivt ned på dei som bryt lova og forstyrrar, hindrar og øydelegg stabiliteten i landet, den offentlege sikkerheita og respekten for landets lover, åtvara dei måndag ifølgje NTB.
Motstandarane av kuppet samla seg tysdag i byar over heile landet for ein fjerde dag med protestar.
Det var mellom anna protestar i Yangon og Mandalay, der militærjuntaen har innført portforbod om kvelden og samlingar med meir enn fem personar er forbode, skriv The Guardian.
Ifølge nyheitsbyrået Reuters er minst 27 personar, inkludert ein journalist, pågripne i Mandalay.
Demonstrerer med Hunger Games-symbol
I hovudstaden Naypyidaw tok politiet først i bruk vasskanonar, før det ifølgje fleire augevitne blei skote varselskot i lufta.
Ifølgje Reuters blei det òg skote med gummikuler mot dei fleire tusen demonstrantane i hovudstaden, og fire personar blei ifølgje ein lege skadde.
NTB melder tysdag ettermiddag at ein kvinneleg demonstrant i 20-åra skal ha døydd av hovudskadar, og viser til dei lokale nyheitskanalane Myanmar Now og Frontier Myanmar.
Ungdomsaktivist Maung Saungkha ber om at politiske fangar blir lauslatne, og om slutten på «diktaturet».
– Vi vil fortsette å kjempe, seier Saungkha, ifølgje det internasjonale nyheitsbyrået.
Demonstrantane har òg teke i bruk trefinger-symbolet frå «Hunger Games»-serien. I filmane blir teiknet med tre fingrar i vêret brukt for å markere solidaritet og opprør mot regimet. Symbolet blei brukt i demonstrasjonar under statskuppet i Thailand i 2014, og har sidan blitt eit symbol på motstand og solidaritet for demokratirørsler i Søraust-Asia.
Internasjonal fordømming
Fleire vestlige land har fordømt militærkuppet.
– Vi oppfordrar det militære til å følgje demokratiske spelereglar og respektere valresultatet, skriv utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H) på Twitter.
Norge fordømmer kuppet i #Myanmar. Vi oppfordrer det militære til å følge demokratiske spilleregler og respektere valgresultatet.
Aung San Suu Kyi og andre demokratisk valgte politikere må løslates
– #EriksenSoreide pic.twitter.com/txdgPXRUAl— Utenriksdepartementet (@Utenriksdept) February 1, 2021