Kort forklart: Kvifor protesterer folk i Israel?

Edith Meek Allern
Publisert

Det har vore protestar sidan januar i Israel mot ny rettsreform. Tusenvis har demonstrert kvar veke.

Førre veke blei første del av reforma stemt fram. Stemmegivinga var 64 stemmer mot 0, då opposisjonspartia hadde forlate salen i protest

No sperrar demonstrantar motorvegar, togstasjonar og militære hovudkvarter. Store aviser publiserer med svarte framsider.

Store fagorganisasjonar vurderer generalstreik. Tusentals har trua med å ikkje gjennomføre militærteneste.

Men kva er det dei protesterer mot?

Flyttar makt frå domstolane til politikken

Den israelske regjeringa ønsker å gjennomføre ein reform som vil svekke makta til domstolane.

Delen av reforma som blei stemt fram førre veke, grip inn i moglegheita domstolane har til å overprøve dei politiske organa. Endringa går ut på at domstolane ikkje lenger kan oppheve regjeringsvedtak eller lovar som dei vurderer «urimelege».

Benjamin Netanyahu har vore statsminister i 12 år. Han fekk makta igjen ved valet i 2022, denne gongen i ein ultranasjonalistisk, ytre høgre-koalisjon. Støtta til Netanyahu fell på meiningsmålingar grunna den omstridde rettsreforma til regjeringa. Om det hadde vore val no, ville regjeringa fått elleve færre seter i det israelske parlamentet Knesset, ifølgje Reuters. Foto: Jolanda Flubacher/WORLD ECONOMIC FORUM/swiss-image.ch. CC BY NC SA 2.0

Det mest kontroversielle forslaget i reforma, blei lagt bort i juni etter store protestar.

Det gjekk ut på at parlamentet skulle kunne oppheve høgsterettsdommar.

Dersom høgsterett då hadde sagt at eit nytt lovforslag streid mot gjeldande lovar, ville parlamentet kunne oppheve dommen og gå vidare med lova likevel

Det er ein forskjell mellom desse forslaga, fordi det er eit skilje mellom at domstolane overprøver om ei avgjerd er lovleg, og om ho er fornuftig, rimeleg, formålstenleg eller liknande. Dei siste vurderingane blir i mange land rekna som jobben til utøvande makt (regjeringa) og lovgjevande makt (parlamentet, eller Stortinget i Noreg).

Demonstrasjonane må likevel sjåast i samanheng med andre forslag i reforma og den større politiske situasjonen i Israel.

Midt i protestar mot rettsreforma, vedtok parlamentet i mars endringar som gjer det vanskelegare å erklære statsministeren «ueigna». Regjeringa ønsker også større politisk makt over utnemning av dommarar og at ministrar ikkje lenger skal vere plikta til å følgje råd frå juridiske rådgivarar.

I heilskap er det mykje makt som flyttast frå rett til politikk.

Korleis er det «udemokratisk»?

I heilskap meiner demonstrantar at endringane i rettsreforma tek Israel nærmare eit diktatur. Statsminister Benjamin Netanyahu har kalla påstandar om at reforma tyder slutten på demokratiet for grunnlause og tullete. Netanyahu og regjeringa meiner tvert imot at det er ei demokratisk reform, sidan dei flyttar makt til parlament og regjering – dei folkevalde organa.

Foto: Oren Rozen/ Creative Commons/ CC BY-SA 4.0.

Eit hovudargument frå kritikarar av reforma er at ho undergrev maktfordelingsprinsippet, som er grunnleggjande for organiseringa av mange demokrati. I eit opprop stiller mellom anna 100 tidlegare ambassadørar og toppdiplomatar seg bak dette argumentet.

Praktisk handlar maktfordelingsprinsippet om at makta til staten delast opp mellom ulike organ: ei utøvande, ei lovgjevande og ei dømmande. Det er store forskjellar mellom land i korleis makta reelt sett er fordelt. Eit gjennomgåande formål er likevel å forhindre maktmisbruk.

Ved å fordele makta i staten på ulike organ, sikrar ein at makta ikkje er samla hos berre nokre få personar. Høvet for domstolane til å overprøve avgjerder frå parlament og regjering, er også grunngitt i å førebu maktmisbruk:

Om nokon går over styr, skal makt kunne stanse makt.

Demonstrasjonstog i Tel Aviv i mars. Foto: Oren Rozen/ Wikimedia Commons/ CC BY-SA 4.0

Her speler det ei rolle både at dommarane har høve til å gjere kontroll, og om dei er uavhengige dei ein skal føre kontroll med. 

Kort sagt er det strukturar som skal sikre demokrati mot maktmisbruk og konsentrasjon av makt på få hender, som er i spel. 

Kva er motiva for endringane?

Netanyahu har kalla reforma for ein «liten korreksjon av ein aktivistisk domstol».

Tidlegare i år fann israelske domstolar det «urimeleg» at politikaren Aryeh Deri, som er dømt for skattefusk, skulle vere minister, og slo fast at han ikkje kunne sitje i regjering. Kritikarar har også løfta fram at Netanyahu sjølv har grove korrupsjonsklagar mot seg, og vil sitje tryggare ved makta med endringane.

Ein artikkel skrive av professor i offentleg rett, Hans Petter Graver, visar også at israelsk domstolsprøving i fleire saker har hatt tyding for palestinarar, skeive, og utfordra ortodokse grupper. Ifølgje ein rapport frå Freedom House over sivile og politiske rettar i Israel frå 2022, heiter det at domstolane er relativt meir aktive på å beskytte minoritetar enn styresmaktene.

Frankenstein-demokrati

Netanyahu har forsvart reforma med at endringane er gjeldande lovverk i fleire demokratiske land. Politisk utnemning av dommarar har dei til dømes i USA. Kor langt det er lagt opp til at domstolane skal gå i å overprøve politiske organ, varierer også mellom land.

Denne argumentasjonen har blitt samanlikna med statsministeren i Ungarn, Viktor Orban, sitt forsvar for større politisk makt over domstolane. Kritikarar av Orban har kalla dette Frankenstein-syndromet:

Det kan vere sant at ei endring allereie gjeld i fungerande demokrati. Men ved å plukke eit bein frå eitt land, ein arm frå eit anna og nase frå eit tredje, kan ein ende opp med eit Frankensteinmonster som ikkje liknar noko demokratisk land.

Kritikarar har også løfta fram at demokrati blir avvikla steg for steg:

– Ved å sjå på historia kan ein sjå at demokrati blir øydelagde i fleire steg. Først blir ei kontroversiell lov vedteke. Ho opnar gjerne for fleire udemokratiske lovar. På denne måten blir døra til diktatur opna. No er ho opna for Israel, kommenterte direktør for internasjonale relasjonar i Association for Civil Rigths in Israel (ACRI) Tamara Newmann til Aftenposten.

Kva skjer vidare?

Etter voteringa i parlamentet førre veke sende ei rekkje opposisjonsgrupper inn ei klage på lovendringa. Høgsterett i Israel har teke desse til handsaming, som skal skje i september.

Netanyahu har nekta å svare på om han vil følgje dommen, dersom reforma blir avvist.

Då vil det ikkje vere semje mellom statsmaktene om maktfordelinga, som gir uro for ei konstitusjonell krise.


Den 30. august 2019 var tusenvis av skuleelevar samla til klimastreik framfor Stortinget. Foto: Ingvild Eide Leirfall

Israel på demokrati-indeks.

I 2022 fekk Israel 77 av 100 i Freedom House si vurdering av politiske og sivile rettar.
Rapporten trekk fram uavhengige institusjonar og at domstolane er aktive i å beskytte minoritetar. Diskriminering frå styresmaktene og befolkninga skapar likevel store forskjellar, skriv Freedom House.

Gaza og Vestbredden vurderast i eigen rapport fekk 22/100 i 2022. Vurderinga av sivile og politiske rettar i eit område gjerast uavhengig av om dei er påverka av eigen eller annan stat, understrekar Freedom House.

Kjelde: Freedom in the World 2022: Israel