Vekas viktigaste: Trump-tiltale, klimasøksmål og kriminell lågalder

Åshild Slåen
Publisert

Donald Trump er tiltala for å undergrave valet i Georgia i 2020

Donald Trump på podium.

Donald Trump på ei studentkonferanse i Florida i 2023. Foto: Gage Skidmore via Flickr, CC BY-SA 2.0, <https://creativecommons.org/licenses/by-sa/2.0>

Tysdag vart den tidlegare amerikanske presidenten tiltala for å undergrave resultatet frå 2020-valet i delstaten Georgia. Dersom han blir dømt kan 77-åringen få opp til 20 år i fengsel.

Trump har blitt tiltala for fleire ting, både på eit nasjonalt nivå og i delstaten New York. Denne tiltala er likevel unik, fordi Georgia ikkje tillèt benåding på same måte som i nasjonale saker eller i New York.

I teorien kan Trump vinne presidentvalet i 2024, benåde seg sjølv, og på den måten unngå straff og soning, men det går ikkje i Georgia. Dersom Trump blir dømt, må han sone straffa. Til no har han nekta straffeskuld for alle tiltalepunkt, og rettssaka kjem truleg ikkje til å skje før neste år.


FrP vil senke den kriminelle lågalderen til 14 år

Blond kvnne står ved ein talarstol på ei scene med eit bilete av seg sjølv i bakgrunnen.

Frp-leiar Sylvi Listhaug taler på partiet sitt landsmøte i fjor. Foto: Framstegspartiet via Flickr.

I det siste har det vore ein debatt om korleis Noreg skal handtere ungdomskriminalitet, etter fleire valdshendingar der mindreårige var involvert. Ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå i 2022 har talet på sikta i aldersgruppa frå 5 til 14 år auka dei siste fem åra.

Framstegspartiet vil i haust fremje eit forslag i Stortinget for å senke den kriminelle lågalderen frå 15 til 14 år. Partileiar Sylvi Listhaug meiner det er nødvendig for å gi politiet fleire verkemiddel i arbeidet med ungdom.

– Nesten 4500 unge vart utsette for vald i 2022, og Agder hadde den største veksten. Vi kan ikkje la dette fortsette, seier Listhaug til NRK.

Barneombod Inga Bejer Engh er ueinig, og meiner meir straff ikkje løyser problema.

– Vi er pålagt å ha alternativ til straff både om dei er over og under 15, så det vil ikkje nødvendigvis løyse noko, seier ho til NRK.


Afrikanske land går inn for militæraksjon i Niger

President Mohamed Bazoum (i midten) taler på møte med USA i 2022. Foto: U.S. Department of State from United States, Public domain, via Wikimedia Commons

Denne veka vart den vestafrikanske økonomiske organisasjonen Ecowas einige med den Afrikanske Unionen (AU) om å gå inn militært i Niger. Det skjer etter ein militærjunta i slutten av juli gjennomførte eit statskupp i Niger og avsette den demokratisk valte presidenten Mohamed Bazoum.

Militærjuntaen har avvist eit ultimatum om å gi makta tilbake til Bazoum, og det er difor medlemslanda i Ecowas er einige om å gå inn i landet. Målet er blant anna å sikre tryggleiken til Mohamed Bazoum, som skal vere halden i forvaring av dei nye styresmaktene.

Ecowas er ei engelsk forkorting for dei «vestafrikanske statar sitt økonomiske fellesskap». Det er eit samarbeidsorgan, og har 15 medlemsstatar.


Seppola og Velle stakk seg ut i ungdomspartia sin leiardebatt

Ei kvinne og to menn står på ei scene.

Arendalsuka har ungdomspartidebatt kvart år. Her med Ane Breivik (V), Ola Svenneby (H) og Simon Velle (FpU) frå 2022. Foto: Mona Hauglid / Arendalsuka via Flickr.

Arendalsveka er i gong, der både organisasjonar, mediehus, politiske parti, og fleire andre samlar seg i Arendal for å halde debattar og arrangement. Onsdag var det duka for debatt mellom leiarane i ungdomspartia.

Debatten tok for seg fleire forskjellige tema, blant anna ytringsfridom, kjønnspoeng og skatteflukt. I Framtida.no si kåring var det Andrine Seppola frå Senterungdommen og Simon Velle frå Framstegspartiets Ungdom som gjorde sterkast figur på debattscena.


Argentina svekker valutaen sin for å redde økonomien

Finansdistriktet i Buenos Aires i Argentina. Foto: Deensel, CC BY 2.0 via Wikimedia Commons

Sentralbanken i Argentina har sett opp styringsrenta til 118 prosent, og devaluert den argentinske pesoen. Det vil seie at pesoen blir verdt mindre samanlikna med andre valutaar.

Pesoen er no sett til 350 pesoar på ein amerikansk dollar. Det er ei devaluering på 18 prosent. Styresmaktene har forsøkt å unngå å måtte devaluere pesoen i fleire år, men Argentina sin økonomi har gått nedover dei siste ti åra.

Ytre høgre har gått fram i dei siste primærvala, og ein hovudkandidat der, Javier Milei, ligg an som favoritt til presidentvalet i oktober. Han ynskjer blant anna å innføre dollar som valuta i Argentina for å stabilisere situasjonen.


✨Lyspunkt✨: Klimasøksmål vann fram i Montana

Det har vore fleire skogbrannar i Montana dei siste åra. Det er ein av grunnane til klimasøksmålet. Foto: Noahhoward, CC BY-SA 4.0, via Wikimedia Commons

Eit klimasøksmål mot Montana vann måndag fram i ein av domstolane i den amerikanske delstaten. Søksmålet vart starta av 16 ungdommar. Ifølgje dommen har delstaten ikkje teke nok omsyn til at klimaendringar og utslepp påverkar innbyggjarane på mange måtar, både fysisk og psykisk.

Dommen blir truleg anka vidare, men er fyrste av sitt slag i USA. Det er liknande søksmål på gang i alle 50 delstatar.


Vil du få vekas viktigaste rett i innboksenAbonner på nyheitsbrevet vårt!