Negative opplevingar i sosiale medium kan påverke ungdoms mentale helse

Nynorsk Pressekontor
Publisert

Ein nyleg utført studie frå Folkehelseinstituttet finn ein samanheng mellom negative opplevingar i sosiale medium og mental helse hos ungdom.

Undersøkinga vart gjord blant meir enn 3000 elevar i vidaregåande skule.

Ungdom frå familiar som er dårlegare stilte økonomisk og sosialt, melder om fleire ulike og hyppigare førekommande negative opplevingar i sosiale medium, fortel seniorforskar Christoffer Skogen ved FHI.

Sjølv det som kan reknast som mindre alvorlege hendingar som uønskt merksemd og ekskludering, finn studien at kan ha ei betydning for den mentale helsa. Dei registrerte negative hendingane var mellom anna å bli kontakta av framande, og å få negative kommentarar og sårande meldingar.

– Det er viktig å merke seg at sjølv om desse negative opplevingane kan verke mindre alvorlege samanlikna med til dømes nettmobbing, kan det likevel sjå ut som opplevingane har ein stor samanheng med det mentale velværet til unge, seier Skogen.

Han trur at kunnskap om ungdoms bruk av sosiale medium blant ungdom sjølv og vaksne, i tillegg til auka engasjement hos foreldre og lærarar om livet til unge i sosiale medium, kan bidra til å redusere omfanget av negative hendingar.

Studien inngår i eit større samarbeidsprosjekt med mål om å skape eit meir helsefremjande miljø i sosiale medium. Det er behov for ytterlegare forsking for å betre forstå dei moglege årsakssamanhengane, seier Skogen.


Politisk nestleiar i Humanistisk Ungdom, Kristina Williamson, meiner press frå sosiale medium kan utgjere ei form for skjult negativ sosial kontroll. foto: Humanistisk Ungdom