12 000 studentar står i bustadkø – i Bergen kan studentane ende opp på madrass på golvet

Nynorsk Pressekontor
Publisert

Som hjelp til dei desperate studentane har samskipnaden lagt ut ti madrassar på golvet i eitt av fellesromma i studentbyen på Fantoft i Bergen, skriv NRK. Både andre fellesrom og tilsettkantiner vil bli tekne i bruk ved behov.

– Eg skulle på mange måtar ønske studentane slapp dette. Det er usikkert nok å vere ny student, og på toppen av det heile må dei starte studiet med ein så usikker busituasjon, seier Styreleiar Amalie Lunde i Studentsamskipnaden på Vestlandet til kanalen.

Ho fryktar at studentar må slutte på studiet og reise heim igjen fordi dei ikkje har fått nokon stad å bu. Det er plass til 5651 studentar i studentbustader i Bergen, og omtrent 3000 fleire studentar står framleis i kø.

I Oslo står fleire enn 7000 studentar i bustadkø og i Stavanger er talet 692. I Trondheim står 1100 på interesseliste for studentbustader.

– På landsbasis ligg det no rundt 10 000 bustader til leige på Finn, og det er 14 prosent færre enn på same tid i fjor, seier leiar Jørgen Hellestveit i Finn eigedom til kanalen.

Ei av årsakene til at køane er uvanleg lange er at mange studentar blir buande lengre i studentbustader før dei flyttar ut. På privatmarknaden gjer flyktningstraumen frå Ukraina at mange færre utleigebustader er ledige.


Ung mann i park med genser med "University of Washington".

Even Høgberget synest det er fantastisk å studere i utlandet, men han merkar godt at økonomien er trongare for tida. Når Framtida.no snakkar med studenten er den amerikanske dollaren nesten 11 kroner. Foto: Privat