Éin av ti studentar hoppar av studiet i løpet av fyrste studieår

Nynorsk Pressekontor
Publisert

– Det mest alvorlege i dette er at har dei først slutta, så kjem fleirtalet av dei ikkje tilbake for å fullføra høgare utdanning, seier forskar Maj-Lisa Lervåg i SSB til avisa Khrono.

Tala kjem fram i rapporten «Frafall og bytter i universitets- og høgskoleutdanninger». Forskargruppa har følgt like under 35.000 studentar fram til 2020. I den perioden droppa 8687 av dei ut.

Over halvparten av dei som droppa ut, gjorde det før fyrste studieår var over.

Det utgjer 12 prosent av alle bachelor- og masterstudentane. Etter to år var 70 prosent av det totale fråfallet inntreft. Det utgjorde vel 6000 studentar.

Ifølgje forskar Elisabeth Hovdhaugen ved Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (Nifu) er det humaniora, samfunnsfag og realfag som har hatt det høgaste fråfallet. Av dei som droppar ut, er fleirtalet menn.

Jo eldre studentane var, dess fleire droppa ut.

– Dette kan ha med livssituasjon å gjera. Det kan vera krevjande å gå inn i eit studentliv som vaksen blant dei som er eldre enn 30 år. Som etablert vaksen har ein ofte større økonomiske forpliktingar, noko som kan vera vanskeleg å kombinera med eit studentliv. I tillegg er det lengre tid sidan dei var på skolebenken. Det kan òg gjera at overgangen frå arbeidsliv til høgare utdanning blir tøffare enn forventa, seier SSB-forskar Maj-Lisa Lervåg.


To hender held i kvarandre.

Mange distriktskommunar slit med å få tak i kvalifisert helsepersonell. Foto: National Cancer Institute via Unsplash