Kommune lokkar helsestudentar med ekstraløn
Det er ofte vanskeleg å skaffe kvalifisert helsepersonell til distriktskommunar. Ein kommune i Møre og Romsdal har gode erfaringar med å betale ekstraløn til studentar som vil jobbe hjå dei.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Aure kommune har innført såkalla rekrutteringsstillingar for å lokke til seg helsepersonell, skriv NRK.
Studentar innan vernepleie eller sjukepleie får 60 prosent løn for 20 prosent arbeid i kommunen. Til gjengjeld må dei forplikte seg til å jobbe to år i kommunen når dei er ferdige med utdanninga.
– Studietida har vore veldig behageleg for meg, eg blir ikkje så utsliten som mange av dei stakkars sjukepleiarstudentane. Eg har fått meir tid til å fokusere på studiet mitt, fortel Benjamin Andersen til NRK.
Han byrja på sjukepleiarutdanning i Ålesund for to år sidan og vart samstundes tilsett i Aure kommune.
Åse Kalvik, som er einingsleiar for omsorg i kommunen, fortel at dei har fått fleire søkjarar enn dei har hatt stillingar. Gjennom ordninga har dei rekruttert fem sjukepleiarstudentar.
I tillegg til ekstraløna under utdanning, får alle utdanna verne- og sjukepleiarar 50.000 kroner i tillegg til tariffløn. Ifølgje ei undersøking NRK gjorde i juni, har 66,5 prosent av kommunane teke i bruk ulike bonusordningar for å skaffe kvalifisert helsepersonell.