Parley (85) ynskjer comeback i kommunestyret, men trur pensjonistar flest heller vil til Mallorca
Eldre er kraftig underrepresenterte i politiske organ. Parley Albert Augustsson (85) er villig til å gje avkall på sol og varme for ein plass i kommunestyret.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Heldigvis er det mange fleire som toppar listene i Rauma i år, seier Parley Albert Augustsson (85) på telefon til Framtida.no.
Det er eit halvt liv mellom han og den yngste listetoppen i kommunen, TV-kjendis og høgremann Gaute Grøtta Grav (44). Men mykje ligg til rette for at kommunestyret får ein aldersprofil som Augustsson ikkje synest er altfor gale – sjølv om politikken i Rauma nok òg kjem til å bli prega av folk midt i livet.
– Eldre har livserfaring, og det er det viktigaste i politikken, meiner Augustsson.
Etter eit langt liv med skiftande parti-tilhøyrsel gjer han no eit forsøk på å få representera Industri- og Næringspartiet i kommunestyret.
Eldre er kraftig underrepresentert
Få grupper har så dårleg politisk representasjon som dei eldre.
Sjølv om 13% av befolkninga er eldre enn 70 år, så finst det berre to stortingsrepresentantar som er så gamle.

Carl I. Hagen (79) og Per Olaf Lundteigen (70) er dei einaste på Stortinget som har bikka 70 år. (Foto: Stortinget)
Heller ikkje i lokalpolitikken finn me mange eldre. Ein typisk kommunepolitikar er mellom 40 og 70 år.
Både dei eldste og dei yngste er underrepresenterte blant dei som stiller til val i år.
Mengda med noverande kommunestyremedlem over 70 år måtte blitt meir enn dobla for å bli forholdsmessig. Når det gjeld dei over 75 år, måtte talet ha blitt meir enn firdobla.
Det er berre ein handfull kommunestyre-representantar som er meir enn 80 år. Denne gruppa er i realiteten ikkje representerte i nokre politiske organ.
Dei eldre får heller ikkje mykje hjelp frå partia sine. Dei eldste kandidatane får nemleg i mykje mindre grad såkalla røystetillegg. Dette viser utrekningar Framtida.no har gjort.
Røystetillegg er med på å avgjera kven av kandidatane som kjem inn i kommune- eller fylkesstyret.
Dette kan tyda på at eldre ofte er med som listefyll og pynt. Til dømes har tidlegare statsminister Gro Harlem Brundtland (84) fått sisteplassen på Arbeidarpartiet si liste i hovudstaden.

Gro Harlem Brundtland var Noregs fyrste kvinnelege statsminister. No står ho heilt nedst på Oslo Arbeidarparti si liste. (Foto: Morten Krogstad / CC BY-SA 4.0)
– Kan heller sitja på Mallorca
– Dei fleste eldre vil ikkje ta på seg oppgåva med å sitja i kommunestyret. Dei er pensjonistar og kan heller sitja på Mallorca, seier Parley Albert Augustsson.
Sjølv går han motstraums og håpar på å gjera comeback i kommunestyret. Han har meir enn nok erfaring.

Albertsson trur pensjonistar heller ynskjer å vera på Mallorca enn i kommunestyret. (Illustrasjonsbilete: fotogoocom / Wikimedia / CC BY 3.0)
I 2007 var planen eigentleg at han skulle vera representant for Framstegspartiet. Men etter det han sjølv kallar for «kluss», enda han opp som einsleg representant for den nystarta Raumalista.
– Men å vera einsleg representant blei kjedeleg i lengda, så etter fire år melde eg meg inn Høgre.
Augustsson var fire år i Høgre, men forlét etter kvart partiet til fordel for Pensjonistpartiet då dei i Høgre ynskja folk som var unge.
Pensjonistpartiet var ikkje ein suksessformel i Rauma. Og med hårfin margin rauk Augustsson ut av kommunestyret etter valet i 2019.
Han melde seg etter kvart inn i Høgre igjen, men føre valet i år ville dei prioritera unge og kvinner.
– Då blei det ikkje mykje plass til meg.
Dimed blei det sånn at 85-åringen enda opp som 2.-kandidat for Industri- og Næringspartiet. På lista står berre menn over 60.
– Nokon må jo ta ansvar
– Kvifor vil du sitja i kommunestyret?
– Nokon må jo ta ansvar og stilla opp. Eg har sete åtte år i kommunestyret før. Og eg synest ting har gått feil veg sidan eg sat der sist.

Rauma kommune er heim til bratte fjell og reality-serien «Kompani Lauritzen». (Foto: Simo Räsänen / CC BY-SA 3.0)
Særleg trekkjer Augustsson fram eldreomsorg som ei viktig sak.
– Ein prøver å hå ha dei eldre heime så lenge som mogleg, det er feil policy etter mi meining.
Augustsson – som budde mange år i Spania – seier at han saknar sol og varme og kunne eigentleg tenkja seg å vera i Syden.
– Men eg gjev avkall på det viss eg får ein plass i kommunestyret.