Regjeringa vil opprette politiutdanning i Alta

I dagens tryggingspolitiske situasjon er det viktig å rekruttere politifolk til Finnmark, meiner regjeringa. Eit forsøk med politiutdanning i Alta skal hjelpe.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Regjeringa vil setje i gang eit pilotforsøk der 24 studentar får tilbod om politiutdanning i Alta frå hausten 2025. Første året vil vere basert på samlingar, medan andre året vil gjennomførast med praksis ved ulike politidistrikt, fortrinnsvis i eit av dei tre nordlegaste fylka. Kullet vil vere ferdig utdanna i 2028.

Utdanninga skal driftast av eit eller fleire av Politihøgskolens eigne studiestader elles i landet.

Vil ha fleire samar i politiet

Senterpartileiar og finansminister Trygve Slagsvold Vedum og Arbeidarpartiets nestleiar og næringsminister Jan Christian Vestre lanserte planen under eit besøk i Alta tysdag.

Dei er opptekne av å sikre rekruttering frå lokalbefolkninga i nord og ønskjer mellom anna å få fleire samar til å ta politiutdanning.

– Det er også viktig at vi i dagens tryggingspolitiske situasjon har stabil og god rekruttering til politiet i Finnmark. Utdanninga vil også kunne tiltrekkje seg søkjarar frå andre delar av landet, noko som kan bidra til positiv utvikling i regionen, seier Vedum i ei pressemelding.

Viktig strategisk område

Forsøket skal vere del av ein plan for lokalpoliti som regjeringa vil leggje fram i løpet av hausten.

– Nordområda er eit viktig strategisk satsingsområde for regjeringa. Pilotforsøket er eit godt døme på dette, seier næringsminister Jan Christian Vestre.

Pilotforsøket skal evaluerast, og regjeringa vil deretter ta stilling til om tilbodet med desentralisert utdanning skal gjerast permanent.

Politihøgskolen har i dag studiestader i Oslo, Bodø, Stavern og Kongsvinger.


Norsk politi skal neste år teste ut ordninga med kroppskamera. Foto: Heiko Junge / NTB / NPK