Som politiadvokat har ein mykje ansvar då feil kan få store konsekvensar, men Christina Dyrøy Wirsching er glad for å ha ein arbeidskvardag med litt «action».

Åshild Slåen
Publisert

– Nedkjemping av kriminalitet er eit viktig samfunnsoppdrag, og eg føler at det er veldig meiningsfylt å få vere med på dette.

Christina Dyrøy Wirsching arbeider som politifullmektig i Bergen. Politifullmektig er stillinga ein politiadvokat får når dei fyrst blir tilsett, før dei får utvida ansvar. I denne stillinga leiar ho etterforskinga av politisaker, og aktor i retten, altså advokaten som representerer politiet og det offentlege, og legg fram bevis for å få nokon dømt.

Om Christina

Namn: Christina Dyrøy Wirsching

Alder: 29 år

Frå: Bergen

Yrke: Politifullmektig

Utdanning: Master i rettsvitskap ved Universitetet i Bergen. Utdanning for politiets påtalejuristar ved Politihøgskolen.

 

Politiadvokatane er dei som bestemmer om politiet kan bruke tvang, som å pågripe, ransake og beslaglegge, når dei etterforskar. Det er også dei som avgjer om ein skal ta ut tiltale mot dei som blir etterforska og sender det til retten.

Vurderte politihøgskule

Dyrøy Wirsching var ferdig med jusutdanninga i 2018, og arbeidde i forsikringsbransjen fram til 2022.

– Korleis fekk du jobben du no har?

– Eg følgde med på stillingsutlysingar på Finn, og søkte då eg fann ei ledig stilling som politifullmektig/politiadvokat.

Vegen til advokatyrket var ikkje alltid opplagt, sjølv om begge foreldra hennar er juristar.

– Eg vart nok litt påverka av dei då eg byrja å studere juss, men eg har, sidan tidleg i tenåra, hatt veldig lyst til å jobbe i politiet. Eg vurderte ei stund å gå på politihøgskulen, men fann ut at ein juristjobb passa betre for meg. Det er difor perfekt å kunne jobbe som jurist og samstundes få ta del i politiyrket.

Varierte dagar

Ho forventa at yrket kom til å bli både spennande, men også utfordrande.

Christina Dyrøy Wirsching gjekk rettsvitskap ved Universitetet i Bergen. | Foto: Privat

– Begge desse forventningane stemte godt!

Ein vanleg arbeidsdag kjem ho på kontoret rundt åtte, loggar seg på PC-en og sjekkar om det har skjedd noko nytt ho må ta tak i med ein gong. Det kan vere folk som er pågripne, ynskje om besøksforbod, varetektsfengsling og liknande.

Elles arbeider ho med sakene ho er tildelt.

– Då vurderer eg etterforskingsskritt, tek ut tiltaler, gir førelegg, legg bort saker, skriv besøksforbod, førebur rettssaker, har møte med etterforskarane, snakkar med forsvararar og liknande. Eg diskuterer ofte saker med kollegaar, og vi har eit veldig bra arbeidsmiljø og godt samarbeid.

Skal ho derimot i retten, tek det gjerne heile dagen. Då presenterer ho saker for retten, fører bevis, og legg fram kva påtalestyresmakta meiner straffa bør vere.

Viktig samfunnsoppdrag

Sjølv om Dyrøy Wirsching hadde god hjelp frå utdanninga i rettsvitskap i ryggen, hadde ho ikkje alt ho trengte frå utdanninga.

– Det politifaglege var veldig nytt for meg. Det var difor veldig nyttig å få obligatorisk vidareutdanning på politihøgskulen, der ein lærer mykje om etterforsking, etterforskingsleiing og aktorrolla.

– Kva er det beste med jobben?

– Det beste er, for min del, at ein har ein variert arbeidskvardag med litt «action». Ein sit ikkje berre framfor PC-en og skriv, som ein gjerne gjer i mange juristjobbar. Ein er mykje i retten, har møte med etterforskarar, snakkar med forsvarar og bistandsadvokatar, snakkar med media, også vidare. Det er også givande å få ha ein så viktig jobb. Nedkjemping av kriminalitet er eit viktig samfunnsoppdrag, og eg føler at det er veldig meiningsfylt å få vere med på dette.

Ei stor saksmengde er ein del av utfordringane med jobben.

– Eg synest også det kan vere litt utfordrande at ein har veldig mykje ansvar, og at feil kan ha store konsekvensar.

– Kva feiloppfatningar har folk om yrket ditt og det du driv med?

– Hm, det er kanskje nokre som trur at eg gjer polisiære ting, men det er politibetjentar og etterforskarar som tek avhøyr, utfører politioppgåver, tvangsmiddel og liknande. Eg gjer «berre» kontorarbeidet og er i retten.

Fersk på Åsted Norge

Dyrøy Wirsching meiner yrket passar for dei som ynskjer ein spennande og variert arbeidsdag. Det er fint for dei som likar å jobbe i høgt tempo og toler å ha eitt stort ansvar, og som synest det er givande å forvalte eit viktig samfunnsoppdrag.

– Kva er det mest utrulege som har hendt deg på jobb?

– Eg veit ikkje kor utruleg det er, men eg måtte plutseleg presentere ei sak på Åsted Norge fem månader inn i arbeidsforholdet. Det var ganske skummelt der og då, men ei veldig god erfaring å ha med seg vidare.

 – Kva draumar har du for framtida?

– Eg har veldig lyst til å fortsette i jobben min, og utvikle meg til å bli ein kunnskapsrik og habil politiadvokat.