I dag er verdas overforbruksdag: – Naturen vert nedprioritert for profitt igjen og igjen

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

I dag er verdas overforbruksdag – det vil seie at menneska på jorda no har brukt opp dei ressursane vi har «råd» til å bruke i år. Det er organisasjonen Global Footprint Network som reknar ut kva dato overforbruksdagen fell på.

– Resultatet er at naturen forsvinn i eit alarmerande tempo, utan å få høve til å hente seg inn igjen, forklarar Karoline Andaur, generalsekretær i Verdens naturfond (WWF), på nettsidene til WWF.

Elise Åsnes, leiar i miljøorganisasjonen Spire, meiner dette er ein dyster dag.

– Vi er midt i ei akutt klimakrise. Samtidig er utnyttinga av naturen langt over tolegrensa til naturen. Frå og med i dag lever vi på kreditt, og gjelda vår til naturen vert stadig større, seier Åsnes i ei pressemelding.

Nedprioritert for profitt

Spire meiner det hastar å redusere det globale forbruket og uttaket av nye ressursar, særleg etter nok ein sommar med rekordtemperaturar og faretruande hetebølger.

– Det er svært skremmande å sjå korleis naturen vert nedprioritert for profitt igjen og igjen. Det er klokkeklart at det systemet vi har skapt, tømmer ressursane på kloden og produserer mykje meir avfall enn naturen og kloden kan tola, seier Åsnes.

Men ho understreker at vi kan gjere forandringar. Ho slår fast at unge har fått nok av tomme løfte.

– Regjeringa må gå føre og vise politisk vilje, seier ho.

For Noreg var overforbruksdagen allereie 12. april. Noreg var eitt av dei første landa i verda som brukte opp sine ressursar for 2023.


Ung kvinne poserer med hatt. Kollasj av ulike kleselement.

Cecilie Knoph har berre handla brukte klede dei siste 2,5 åra. Foto: Privat, kollasj Framtida.no