Ny forsking: Unge blir ikkje deprimerte av sosiale medium
Mange unge bruker mykje tid på sosiale medium. No har forskarar frå NTNU sett nærmare på kva konsekvensar dette kan ha for den psykiske helsa.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Auka førekomst av angst og depresjon blant unge og samtidig auka bruk av sosiale medium, har fått mange til å tru at det må vere ein samanheng.
Det har det ikkje ifølgje ein ny NTNU-studie, omtalt på nettstaden gemini.no.
Forskingsprosjektet Tidleg trygg i Trondheim følgde over 800 barn over ein periode på seks år, frå barna var ti til 16 år gamle.
Resultatet var det same for gutar og for jenter. Auka bruk av sosiale medium førte ikkje til fleire symptom på angst og depresjon.
– Studien vår viser at om Kari eller Knut likar og postar stadig meir på Instagram eller Snapchat, er det ikkje sannsynleg at dei får meir symptom på angst og depresjon. Men det betyr ikkje at dei ikkje kan ha dårlegare opplevingar av sosiale medium, føle seg avhengige eller utestengde, seier professor Silje Steinsbekk.