LOs sommarpatrulje: – Éin av to unge opplever brot på arbeidsmiljølova

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 24.07.2023 09:07

– Rundt éin av to unge opplever ei eller anna form for brot på arbeidsmiljølova. Vi er nøydde til å sørgje for at alle får det dei har krav på, seier ungdomsrådgivar Sindre Hornnes i LO til NTB.

Han har dei siste tre vekene vore med i LOs sommarpatrulje, som reiser rundt i Noreg for å snakke med unge sommarvikarar om korleis dei har det på jobb.

I år er det funne brot på arbeidsmiljølova hos omtrent halvparten av arbeidsplassane LO har besøkt. Likevel er det ei lita betring sidan i fjor, sjølv om arbeidsforholda for unge er langt verre no enn før pandemien.

– Det er positivt at slurvekulturen frå pandemien ser ut til å stabilisere seg, seier Hornnes.

Veit ikkje kva dei har krav på

Samuel Depar (20) er ein av dei mange hundre unge nordmennene som bryner seg på arbeidslivet i sommar. Nesten uansett vêr er det travelt å vere barista i Oslo i sommarmånadene – regnvêr bringar gjester som vil ha ein varm kaffi, medan sola bringar dei som lengtar etter ei kald drikke for å kjøle seg ned i varmen.

– Nokre gonger er det kaos og bestillingane berre renn inn, men eg er glad for å ha ein jobb, så eg klagar ikkje, seier Samuel til NTB.

Eg trur ikkje mange unge veit kva rettane deira er

På arbeidsplassen til Samuel er dei fleste under 18 år. Han er sjølv ein av dei eldste medarbeidarane i sommar. Ifølgje LO er det nettopp aldersgruppa under 18 som er mest sårbar for brot på arbeidsmiljølova. Samuel trur det kjem av at mange faktisk ikkje veit kva dei har krav på.

– Vi snakkar om arbeidsmiljøet på jobb, men eg trur ikkje mange unge veit kva rettane deira er, seier han og held fram:

– Eg visste ikkje kva eg hadde rett på før den tillitsvalde fortalde meg det. Det er ikkje noko ein lærer på skulen, ein må berre plukke det opp undervegs.

Manglande opplæring

Då Samuel byrja å jobbe på Espresso House, fekk han opplæring av ein kompis som allereie jobba der. Men mange unge er ikkje like heldige. LO er bekymra for ein aukande trend der færre får opplæringa dei treng på jobb.

Barista Samuel Depar har sommarjobb på Espresso House på Oslo S. Foto: Frederik Ringnes / NTB / NPK

I alt gjaldt 10,6 prosent av brota sommarpatruljen avdekte i år manglande opplæring.

– Manglande opplæring er ei av dei største utfordringane, medgir Hornnes.

LO har mellom anna funne brot der sommarvikarar på sjukehus ikkje får innføring i brannrutinar eller der butikktilsette ikkje veit kva dei skal gjere om dei oppdagar tjuveri i butikken.

– Det er viktig at unge veit kva dei skal gjere både på ein vanleg arbeidsdag og når det skjer noko spesielt. Det handlar om tryggleik, seier han og rettar ein peikefinger mot arbeidsplassane:

– Vi trur mange arbeidsplassar bør sjå på rutinane sine og pusse støv av dei. Det er litt for dårleg oppfølging, og vi oppmodar alle arbeidsplassar om å gjere noko med det, seier han.

Misbruk av overvaking

I fjor fokuserte sommarpatruljen på rolla til verneombodet. Manglande informasjon om kven som er tillitsvalt på arbeidsplassen, er framleis området der det skjer flest brot, med 23,5 prosent, ifølgje sommarpatruljen. Det er likevel ei lita betring frå i fjor.

Elles er det ofte snakk om brot på vaktlister og kameraovervaking.

– Det er nokre historier der arbeidsgivar medvite bruker kamera til noko som ikkje er greitt, og vi ser mange arbeidsgivarar som slurvar med reglane om å informere, seier Hornnes.

Ungdomsrådgivar Sindre Hornnes i LO har vore med på å kontrollere ulike verksemder som har tilsett sommarvikarar i år. Foto: Frederik Ringnes / NTB / NPK

– Hadde Datatilsynet køyrt tilsyn, ville nok fleire fått påpakning enn av oss. Vi sjekkar i utgangspunktet om tilsette blir overvakte og om dei blir informerte om det, seier han.

Soleklar versting

Til liks med andre år er det éin bransje som peikar seg ut som den soleklare verstingen når det gjeld brot på arbeidsmiljølova, ifølgje LO. Det er hotell- og restaurantbransjen, der det er eit stort gjennomtrekk av unge tilsette og fleire kortare arbeidsforhold.

– Utelivet går igjen og igjen, men vi ser også at bakeri stig på brotstatistikken, seier Hornnes.

Han understrekar likevel at det er ei positiv utvikling også her.

– Mellom anna får fleire skriftleg kontrakt enn i fjor. Det er bra. Det er jo nettopp det LOs sommarpatrulje vil gjere – å rydde opp i utfordringane unge står i og sørgje for at dei får eit betre møte med arbeidslivet, seier han.

På Samuels arbeidsplass er det no tariff, fleire er fagorganiserte og på spørsmål frå LO om han veit kven som er tillitsvald, kan Samuel svaret. Han synest det er bra at unge får meir informasjon om arbeidsrettane sine.

– No kjenner eg at eg kan stå opp for rettane mine. Eg veit kva eg har krav på og torer å seie frå, seier han.

(©NPK)