Magnus Rotevatn
Publisert
Oppdatert 22.05.2023 14:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I 1662 og 1663 skjedde det brutale ting heilt nordaust i Noreg. Tjue påståtte hekser blei avretta i Vardø. 

Dette historiske minnet gjorde så stort inntrykk på Anya Bergman at ho skreiv ein roman om temaet. Resultatet blei boka The Witches of Vardø.

Frå perspektivet til Anna – som tidlegare har vore elskar til kongen i København, men no er fange i festningen Vardøhus – og Ingeborg – som er dotter til ei av kvinnene som skal bli avretta – let forfattaren oss utforska hekseprosessane. Det er både spennande og gripande.

Imponerande

The Witches of Vardø er imponerande forteljarkunst.

Bergman har levert frå seg ein tydeleg gjennomarbeidd tekst. Plottet er godt komponert, og det finst ikkje daudpunkt i handlinga.

I tilleg så syg språket og skildringane lesaren kjapt inn i romanuniverset. Det er særs lett å bla frå ei side til den neste.

Sterke personskildringar

Særleg fortener Bergman skryt for persongalleriet ho har snikra saman.

Menneskeskjebnane i boka set heile kjensle-apparatet i sving. Karakterane er godt teikna, og det er rom for å både bli glad, sint, frustrert, overraska og fasinert av dei me møter. 

Terningkast

Lyftar fram kvinnnene

The Witches of Vardø er ei bok som heilt tydeleg vil noko. Ho er ikkje berre ei gjenforteljing av soger og narrativ me har høyrt tusen gongar før.

Heilt medvite har forfattaren valt å lyfta fram kvinnene og deira liv. Dei er utan tvil handlekraftige og styrande i eige liv.

Det er mogleg å innvenda at tidsepoken dimed blir framstilt som meir progressiv enn han faktisk var. Men eg les dette som noko meir enn berre ei forteljing om fortida – det er også ei forteljing om kva som er viktig i notida.

Kitsch og eksotisme

Sjølve framstillinga av Noreg er merkeleg – i alle fall viss lesaren sjølv er nordmann.

Det luktar meir kitsch og eksotisme enn ei djup interesse for nordområda. Og den gjentakande påpeikinga av at karakterane et flatbrød og lefse blir til slutt ufrivillig komisk.

Men trass alt: Dette er ein underhaldingsroman og ikkje ei lærebok i geografi. Vurdert på sine eigne premissar er dette ei strålande bok.


Maja Ja Jansen (20) er heks, og er veldig interessert i religion. Foto: Privar

The Witches of Vardø

Forfattar: Anya Bergman

Forlag: Manilla Press/Bonnier Books

Utgitt: 2023

Sjanger: Historisk roman