Barbie-filmen førte til mangel på rosa måling

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

Då filmselskapet Warner Bros skulle lage ein ekte versjon av Barbie-universet, sparte dei ikkje på noko. I alle fall ikkje når det kom til måling.

Kulissene Margot Robbie (Barbie) og Ryan Gosling (Ken) bevegar seg rundt i, er nemleg så rosa som ein kan få det. Produksjonsdesignaren til filmen, Sarah Greenwood, fortel at det gjekk med så mykje rosa måling då dei laga «Barbieland» at det vart internasjonal mangel på fargen.

– Verda gjekk tom for rosa, fortel ho i eit intervju med Architectural Digest.

Saka har mellom anna blitt omtalt av The Guardian.

Nesten for mykje

Handlinga i filmen føregår i Barbieland, og inkluderer ein fullskalaversjon av det kjente dokkehuset til Barbie. Her er det aller meste i fargen rosa.

I traileren ser vi at Margot Robbies Barbie-karakter seinare tar steget ut i den verkelege verda.

Barbie i ein rosa cabriolet.

«Rosa, eg likar berre ting viss dei er rosa», syng kanskje Barbie. Foto: © 2022 Warner Bros. Entertainment Inc. All rights reserved.

Filmen har premiere 21. juli og har ei rekkje kjente namn på rollelista. I tillegg til Robbie og Gosling, blir mellom anna artist Dua Lipa og komikar Will Ferrell å sjå på lerretet. Det er Greta Gerwig som har regissert filmen.

– Eg ville at det rosa skulle vere veldig knall, og at alt nesten skulle bli for mykje, fortel regissøren i intervjuet med Architectural Digest.

Gerwig seier at den knallrosa fargen var viktig for å få fram det barnlege preget på filmen. Barbieland er mellom anna inspirert av Kaufmann House i Palm Springs.

Gav dei alt

Selskapet som har levert måling til filmen, stadfestar at dei gjekk heilt tomme for rosa.

Til Los Angeles Times understrekar Lauren Proud i målingsverksemda Rosco at det ikkje var Barbie-filmen aleine som førte til at dei gjekk tomme for rosa, men at det òg må sjåast i samanheng med produksjonsproblem som følgje av koronapandemien og ekstremvêret i Texas i 2021. Men, dei gav all rosamålinga dei hadde til filmproduksjonen.


Jente med Downs syndrom held ei Barbie-dukke med Downs syndrom

Modell Ellie Goldstein er stolt over den nye dokka. Foto: Catherine Harbour/Mattel