Langtidsoppgåver kan erstatte eksamen på vidaregåande

Våren 2024 vil Utdanningsdirektoratet prøve ut langtidsoppgåver i staden for eksamen på vidaregåande skule.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Utdanningsdirektoratet vil vite om langtidsoppgåver gir elevane betre høve til å vise kva dei kan enn ein vanleg eksamen.

Skulane som er med i forsøket, skal både gjennomføre langtidsoppgåver og ha eksamen. Dette blir gjort får å gi direktoratet meir kunnskap om korleis langtidsoppgåver fungerer som sluttvurdering, skriv Utdanningsnytt.

Forsøket gjeld dei tre faga biologi 2 på VG3, matematikk 1P-Y på VG1 og politikk og menneskerettar på VG3. Erfaringane frå prøveprosjektet i desse faga vil liggje bak eit tilsvarande prøveprosjekt i 2025. Det kan også bli aktuelt å utvide prosjektet til fleire fag og til grunnskulen.

Tre faggrupper beståande av lærarar og forskarar skal utvikle kvar si ulike form for oppgåve, som elevane skal løyse.