Kva har du rett på om favorittartisten ikkje dukkar opp på festivalen du har billett til?

Nynorsk Pressekontor
Publisert

Viss sentrale artistar ikkje dukkar opp på festivalar dei er bestilt til, meiner Forbrukarrådet at du har rett på eit forholdsmessig prisavslag. Viss heile arrangementet blir avlyst har du rett på full refusjon av billettutgiftene dine.

Det kjem fram i ei pressemelding frå Forbrukarrådet.

– Avtalar skal haldast. Dei største artistane, som også blir brukt i marknadsføring, er ofte hovudårsaka til at folk kjøper seg ein festivalbillett, seier juridisk seniorrådgivar i Forbrukarrådet, Thomas Iversen.

Viss lyden er dårleg eller ustabil, eller arrangementet ikkje held kvaliteten ein bør forvente, kan du også ha rett på eit prisavslag.

Prisavslaget kan krevjast ved å sende e-post til arrangøren eller gjennom ein klage til banken om ein har betalt med kort.