Global varmerekord for tredje dag på rad

Det tangerer varmerekorden frå dagen før og er den tredje varmerekorden denne veka.
Rekordtemperaturen er berekna av University of Maine som bruker satellittdata og simuleringsmodellar for å berekne den globale temperaturen.
Tysdag vart temperaturen i verda også berekna til å vere 17,18 grader, medan den førre rekordnoteringa kom måndag og lydde på 17,01 grader. Dette er dei tre varmaste dagane som nokon gong er registrert.