Flygande bil er godkjent for testing

Det amerikanske luftfartstilsynet har godkjent testing av Alef Aeronautics sin heilelektriske flygande bil.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Førre veke annonserte det California-baserte selskapet Alef Aeronautics at dei har fått ei avgrensa flygodkjenning av amerikanske luftfartsmyndigheiter. 

– Eit gigantisk steg for bilar

Selskapet har jobba med å utvikla flygande bilar sidan 2015, og lanserte i oktober i fjor sin «Model A»:

Ifølgje selskapet har dei testa bilar sidan 2019, men kan no gjera dette òg på heimebane.

– Det tillèt oss å koma nærare å gje folk ein miljøvenleg og raskare reiseveg, som sparar enkeltindivid og selskap timar kvar veke, hevdar direktør Jim Dukhovny i ei pressemelding, og held fram:

– Dette er eit lite steg for fly, eit gigantisk steg for bilar.

180 kilometer rekkevidd

Tim Draper, som tidlegare har investert i mellom anna Tesla og SpaceX, er ein av investorane i Alef Aeronautics.

Det amerikanske luftfartstilsynet har stadfesta at selskapet har fått eit avgrensa løyve til å stilla ut, forska på og utvikla sin «Model A», ifølgje CNN.

Bilen skal ikkje gå fortare enn 40 km/t på bakken, men fortare i lufta. Ifølgje selskapet har bilen ei rekkevidd på 180 kilometer i lufta og 320 kilometer på bakken.

«Model A» er designa for å lette og lande vertikalt, og kunne parkera på ein vanleg parkeringsplass. Bilen skal ha plass til ein til to passasjerar og vil i første omgang kosta 300 000 amerikanske dollar. Ifølgje Alef Aeronautics var det førehandsselt 440 bilar ved utgangen av 2022.

«Model A» skal etter planen vera tilgjengeleg for publikum i slutten av 2025. I 2035 planlegg selskapet å lansera firesetaren «Model Z» til berre 35 000 dollar, ifølgje Insider.


Illustrasjonsfoto: Rishabh Sharma on Unsplash, Sketchify/Canva. Kollasj: Framtida.no