Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 15.02.2022 10:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sjølv i 2022 høyrest flygande bilar ein smule futuristisk ut, men det kan vere eit reellt alternativ om ikkje så lenge.

No har nemleg AirCar vorte godkjend av slovakiske transportstyresmakter.

Dét meiner Klein Vision, selskapet som står bak hybridbilen, opnar døra for masseproduksjon av «veldig effektive flygande bilar».

– Det er offisielt, og den siste stadfestinga på at vi kan endre mellomdistanse-reiser for alltid, seier professor Stefan Klein i ei pressemelding.

Han er oppfinnaren av den flygande bilen, og har leia utviklinga, samt vore testpilot.

Det var CNN som først omtalte saka.

Treng pilotsertifikat

Hybridkøyretøyet har letta og landa over 200 gongar og fullført 70 timar med flytestar i tråd med krava frå Det europeiske byrå for flysikkerheit (EASA).

Bilen skapte overskrifter også i fjor, då han flaug frå Bratislava til Nitra – ei strekning på 35 minutt.

Etter han landa, så slo han inn vengjene og køyrde til sentrum av den slovakiske hovudstaden.

– Han har gjort science fiction om til røyndom, sa Anton Zajac etter bragda. Han er medstiftar i Klein Vision.

Ifølgje CNN er AirCar ikkje den første flygande bilen til å nå så langt. Både nederlandske PAL-V og amerikanske Terrafugia har fått liknande sertifiseringar for sine flygande bilar.

Ein talsperson frå Klein Vision seier til CNN at dei håpar å ha AirCar kommersielt tilgjengeleg i løpet av 12 månadar.

Men, du kjem til å trenge eit pilotsertifikat for å fly han.


Illustrasjonsfoto: Matt Palmer/Unsplash