Oskar Westerlin sykla frå Oslo til Bergen – samla inn over 200 000 til Kreftforeningen

Åshild Slåen
Publisert

I eit samarbeid med Kreftforeningen har påverkar Oskar Westerlin samla inn over 210 000 kroner. Dette gjorde han ved å sykle frå Oslo til Bergen.

Det er spesielt hudkreft Westerlin har ønska å setje fokus på.

– Som mange andre gutar har eg alltid vore dårleg til å smørje meg med solkrem, og har først no dei siste månadane forstått kor viktig det er å smørje seg ordentleg.

Det skreiv han på Instagram-kontoen sin då han fyrst annonserte prosjektet.

Til God Kveld Norge på TV 2 sa han før prosjektet at mange har følgt sykkeltreningane hans, og han har fått kommentarar som han har lært av.

– Eg fekk veldig mange tilbakemeldingar på at eg sykla langt utan å bruke solkrem, og fekk lære det på den harde måten. Litt på tull har eg tenkt at «raudt blir til brunt», noko eg no har skjønt er ein veldig dum måte å sjå det på.

I helga sykla Westerlin dei 540 kilometrane frå Oslo til Bergen på 28 timar.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Oskar Westerlin (@oskarwesterlin)

Glad for støtta

Westerlin har sjølv donert 54 000 kroner, 100 kroner for kvar kilometer, av dei 210 000 kronene.

Kreftforeningen er glad for støtta.

– Fantastisk!! ❤️ Tusen, tusen takk for innsatsen og støtta. Det betyr så mykje for oss 😍, kommenterer Heidi frå Kreftforeningen på Instagram.

– Tusen takk til alle som har bidratt og støtta, det har vore ein heilt sjuk tur, seier Westerlin på TikTok i oppsummeringa av turen.


Oskar Westerlin sin sjokoladebolle og marknadsføring har skapt debatt og fått kritikk av Forbrukartilsynet. Foto: Anette Fadnes Marcussen