Vurderer å bli ein del av Noreg

Magnus Rotevatn
Publisert

Blant dei folkevalde på Orknøyene er det misnøye med å vera ein del av Storbritannia. Mange på øygruppa meiner at forholda dei har som ein del av Storbritannia er for dårlege. Det blir mellom anna klaga på at ein får lite økonomisk støtte sjølv om Orknøyene bidreg med mykje olje og gass.

Difor skal det lokale regionsrådet i dag ta stilling til om ein skal sjå på andre måtar å organisera seg politisk på – eit av alternativa er å bli ein del av Noreg.

Øygruppa – som ligg nord for det skotske fastlandet – var ein del av Noreg fram til 1468. Då pantsette den dansk-norske kongen Christian 1. Orknøyene for å kunna betala medgift for dottera Margreta, som skulle gifta seg med Jakob 3. av Skottland.

Eit kulturelt fellesskap

James Stockan
Foto: Orkney Islands Council

Det er James Stockan, leiar for Orknøyene sitt regionsråd, som har foreslått at ein skal undersøkja mogelegheitene for å knyta seg til Noreg. Han peikar på eit kulturelt fellesskap.

– Me var ein del av det norrøne kongedømmet mykje lenger enn me har vore ein del av Storbritannia. På Orknøyene kjem folk bort til meg på gata og spør om når skal me betala tilbake medgifta og om når skal me tilbake til Noreg, seier Stockan til BBC.

Stockan ynskjer òg å sjå på andre alternativ som kan gje dei meir autonomi. Til dømes å bli eit såkalla kroneige – det er statusen Jersey, Guernsey og Isle of Man har i dag.

– Me står sterkare som eitt Storbritannia

Britiske styresmakter ynskjer ikkje at Orknøyene skal svekkja banda til resten av Storbritannia.

– Me står sterkare som eitt Storbritannia. Me har ikkje planar om å endra på det, seier ein talsperson for den britiske statsministeren Rishi Sunak ifylgje Sky News.


Foto frå ein forlaten kokosnøtt-plantasje i East Point på Diego Garcia. Foto: Offentleg eigedom/Wikimedia Commons