Har du tatt sommarferie? Her er saka for deg som likevel vil halde deg oppdatert på det som skjer i Noreg og elles i verda.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Franske opptøyar etter at politiet skaut og drap 17-åring
Det har vore store opptøyar i Frankrike etter at ein 17-åring vart skoten og drepen av politiet under ein politikontroll natt til tysdag. Nahel M vart stansa av politiet i Nanterre, som er ein forstad til Paris. I sosiale medium sirkulerer ein video som syner at ein politimann siktar på 17-åringen med pistol gjennom bilvindauget. Nahel vart skoten då han forsøkte å køyre bort. Videoen er verifisert av fleire medium, som avisa Le Monde.
Minst 667 personar blei arresterte etter den tredje natta med opptøyar i Frankrike, skriv den franske avisa. Ifølgje innanriksministeren er 249 politifolk skadde etter nattas uro. Det har no blitt innført portforbod om natta i fleire kommunar fram til måndag.
President Macron har sagt at han fordømmer politiskytinga og at drapet på Nahel er «utilgiveleg». Han har òg fordømt «uforsvarleg vald» i opptøyane. Politibetjenten er sikta for drap.
Nahel hadde nordafrikansk familiebakgrunn. NRK skriv at mange no skuldar politiet i fleire storbyar for å opptre rasistisk mot den fleirkulturelle befolkninga.
Lubna Jaffery er ny kultur- og likestillingsminister
Arbeidarpartipolitikar Lubna Jaffery (43) frå Bergen er Noregs nye kultur- og likestillingsminister. Onsdag vart ho utnemnd av Kongen i statsråd etter at hennar forgjengar Anette Trettebergstuen (Ap) gjekk av for å ha gitt verv til nære vener.
Jaffery har tidlegare vore statssekretær i Kulturdepartementet. Ho er den første bergenske kulturministeren og har vore både arbeids- og sosialbyråd og fungerande byrådsleiar i heimbyen. Ho har sist sete i kontrollkomiteen på Stortinget.
Den nye kulturministeren var aktiv i AUF som 15-åring, og til VG seier AUF-leiar Astrid Hoem at ho håpar Jeffrey følgjer opp arbeidet frå forgjengaren.
Leiar for Wagner-gruppa til Belarus
Leiar for Wagner-gruppa, Jevgenij Prigozjin, stod i helga bak eit væpna opprør mot den russiske militærleiinga. Wagner-gruppa er ei gruppe med leigesoldatar som har kjempa for Russland i Ukraina-krigen.
Soldatane var på veg mot Moskva, men snudde laurdag kveld. Det blei gjort ein avtale mellom russiske styresmakter og Wagner-leiinga. Avtalen skal innebere at soldatar som vil det skal få dra til Belarus, og at resten av Wagner-gruppa skal bli innlemma i den russiske hæren. Tysdag opplyste nyheitsbyrået Belta at Prigozjin sjølv er i Belarus.
Før avtalen blei gått inn, sa Putin at dei var blitt dolka i ryggen. Prigozjin hevdar at det ikkje var eit kuppforsøk, men at dei ville protestere mot den militære leiinga. Ekspertar trur han kan bli tatt av dage.
– Prigozjin har gått høgt ut på banen og etablert seg som eit alternativ til Putin. Det har berre to utfall: Anten blir han tatt av dage, eller så blir han ny president. Eg vil rekne med at han blir tatt av dage, seier direktør for Fridtjof Nansens Institutt Iver B. Neumann til NRK.
Politivaldsaka i Kongsberg i retten
Onsdag starta rettssaka mot ein politimann som er tiltalt for vald mot to menn ved ein bensinstasjon i Kongsberg.
Ein av dei unge mennene, Kevin Simensen, blei 30. oktober i fjor slått av politimannen minst 13 gonger i løpet av 14 sekund. Det har Spesialeininga for politisaker slått fast. Simensen blei slått i hovudet og kroppen med knyttneve og batong.
Politimannen nektar straffskuld. I rettssalen forklarar han at han føler seg førehandsdømd og at han i basketaket frykta for sitt eige liv.
Politiet blei kontakta av ein vektar som sa at Simonsen hadde drapstruga han etter at han ikkje ville sleppe han inn att på ein utestad.
Ein annan politimann har tidlegare fått ei bot på 12 000 kroner for å ha sletta ein mobilvideo av hendinga.
Avskoginga av regnskogen auka
Avskoginga av regnskogen auka i 2022 med om lag 10 prosent samanlikna med 2021. Det viser ein ny analyse frå Global Forest Watch. I 2022 forsvann over 40 000 km² tropisk primærskog.
Regnskogen som forsvann i fjor svarar til om lag heile arealet til Sveits. Kvart minutt forsvann urørt regnskog på storleik med 11 fotballbaner.
Hovudårsaka til at regnskogen forsvann, var menneskeleg avskoging. Utsleppa frå avskoginga var på 2,7 milliardar tonn CO₂. Det er like mykje som dei årlege fossile utsleppa til India, som er verdas mest folkerike land.
Avskoginga gjekk hardast ut over regnskogen i Brasil og i Kongo. Brasil stod for over 40 prosent av skogtapet. I Indonesia og Malaysia har ein greidd å bremse avskoginga.
✨Vekas lyspunkt✨: Ny oppdaging om verdsrommet
Astronomar har for første gong greidd å «høyre» ein ny type gravitasjonsbølgjer i verdsrommet. Desse lågfrekvens-gravitasjonsbølgjene blir skildra som ei rumling gjennom universet, gravitasjonsbølgjebakgrunn eller ein «kosmisk bassnote», ifølgje The Guardian.
Teorien er at bølgjene kjem frå samanslåinga av supermassive svarte hol. Albert Einstein lanserte allereie for over hundre år sidan ein teori om gravitasjonsbølgjer. Forskarane har jakta på gravitasjonsbølgjer i fleire tiår, og dei vart for første gong oppdaga i 2015. Desse bølgjene var laga av mykje mindre svarte hol enn dei forskarane har funne no.
Den nye oppdaginga kan hjelpe forskarane med å forstå kosmiske fenomen som supermassive svarte hol betre og kor ofte galaksar smeltar saman. Forskarane som har jobba med oppdaginga skildrar ho som «enorme nyheiter» og seier ho markerer starten på ei ny reise i universet.
- Vil du få vekas viktigaste rett i innboksen? Abonner på nyheitsbrevet vårt!