Utfordrar kulturministeren på nynorsk
Lubna Jaffery (43) frå Bergen er Noregs nye kultur- og likestillingsminister.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Peder Lofnes Hauge, leiar av Noregs Mållag. Foto: Tuva Maria Åserud
– Lubna Jaffery har vore ein del av eit politisk prosjekt i Bergen som verkeleg satsar på nynorsk. Der har det politiske miljøet tatt innover seg at det krevst politisk handling for å jamne ut tilhøvet mellom bokmål og nynorsk, gjennom målretta tiltak for å styrkje det minst brukte av dei to norske skriftspråka. At ho no styrer Kulturdepartementet, lovar godt.
Det seier mållagsleiar Peder Lofnes Hauge i ei pressemelding.
Han etterlyser no ei betring av språklova, meir midlar til Noregs Mållag og auka satsing på nynorsk scenekunst på Det Norske Teatret.
AUF: – Trur Lubna kjem til å vere like tydeleg
Tidlegare i dag vart Jaffery frå Arbeidarpartiet presentert som Noregs nye kultur- og likestillingsminister. Ho vart utnemnd av Kongen i statsråd etter at hennar forgjengar Anette Trettebergstuen gjekk av etter å ha gitt verv til nære vener.

AUF-leiar Astrid Willa Eide Hoem. Foto: Bernt Sønvisen/Arbeidarpartiet
Den nye kulturministeren var aktiv i AUF som 15-åring, og til VG seier AUF-leiar Astrid Hoem at ho håpar Jeffrey følgjer opp arbeidet frå forgjengaren.
– Me er stolte av mykje av den jobben Anette la ned, både gjennom å syte for å forby homoterapi og mykje anna innafor både likestillings- og kulturfeltet, så me håpar og trur at Lubna kjem til å vere like tydeleg i den kampen.
Første bergenske kulturminister
Jaffery sine foreldre kom til Noreg som arbeidsinnvandrarar frå Pakistan, og har tidlegare fortalt om å vekse opp i fattigdom.
Jaffery har tidlegare vore statssekretær i kulturdepartementet. Ho er den første bergenske kulturministeren og har vore både arbeids- og sosialbyråd og fungerande byrådsleiar i heimbyen.
Den nye kulturministeren har sist sete i kontrollkomiteen på Stortinget, der Benjamin Jakobsen (26) frå Vestland Ap tek over som representant.