Vekas viktigaste: Ubåt, kosthaldsråd og habilitetsfeil

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

Sakna ubåt

Titan-ubåten som er sakna. Foto: OceanGate Expeditions via AP, File

Ubåten Titan vart sakna aust for Canada søndag morgon. Om bord på Titan var fem personar, blant dei turistar, eventyrarar og administrerande direktør i selskapet OceanGate som driftar ubåten, skriv New York Times. Dei fem skulle djupt ned i havet for å sjå på vraket av Titanic, som sokk i 1912 og som ligg 3,8 kilometer under overflata utanfor kysten av Newfoundland i Canada.

Ubåten forsvann frå radaren om lag ein time og 45 minutt etter at han dukka under overflata. Titan hadde oksygen til å vere opptil 96 timar under vatn. Den amerikanske kystvakta rekna at dei ville ha nok oksygen til rundt kl. 13 norsk tid torsdag, skriv NRK.

Torsdag vart det funne vrakrestar, og alle som var i ubåten er rekna omkomne. Det tyder på at ubåten har implodert, ifølgje den amerikanske kystvakta på ein pressekonferanse. Implosjonen kan han skjedd allereie sundag, meiner NTNU-professor.

Selskapet OceanGate har blitt kritisert for at sikkerheita rundt ubåten ikkje var god nok.


Tonje Brenna innrømmer habilitetsfeil

Kunnskapsminister Tonje Brenna fotografert under regjeringas pressekonferanse for born om Ukraina-krigen onsdag 20. april 2022. Foto: Andrea Nøttveit

Oppdatering: Fredag formiddag melder også kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen om inhabilitet i fleire saker, og går av som statsråd.

– Eg har gjort ein alvorleg feil knytt til min habilitet. Eg har vurdert habiliteten min for dårleg og for seint, seier kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) til VG.

Arbeidarpartipolitikaren opplyste denne veka om at ho gjorde ein habilitetsfeil då ho gav eit styreverv til venen Frode Elgesem. Juristen var bistandsadvokat for AUF under 22. juli-rettssaka. Han fekk eit styreverv i Wergelandsenteret, som gir pengar til Utøya AS. No har Brenna også erklært seg inhabil overfor tre styremedlemmar i Utøya AS.

Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité har bede om ei utgreiing frå Brenna.

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) seier til VG at saka er alvorleg, men han har framleis tillit til Brenna.


46 kvinner døde etter fengselsopprør i Honduras

Sørgande utanfor inngangen til kvinnefengselet i Tamara i Honduras, der over 40 innsette er døde etter opptøyar. Foto: AP Photo/Elmer Martinez

Minst 46 kvinner er døde etter vald mellom gjengar i eit fengsel i Honduras.

Det opplyser Yuri Mora, ein talsperson for det nasjonale politiet, ifølgje The Guardian. Fengselet ligg i Tamara, som er rundt 50 kilometer nordvest for hovudstaden Tegucigalpa.

Nokre av kvinnene brann i hel, medan andre vart skotne. Minst sju kvinner fekk behandling på sjukehus for skot- og knivskadar.

Landets president, Xiomara Castro, er sjokkert, og legg skulda på gjengar. Ho skriv på Twitter at ho vil svare med «drastiske tiltak». Opprøret starta som følgje av styresmaktene sine forsøk på å slå ned på ulovleg aktivitet i fengsel, seier sjefen for fengselssystemet i Honduras, Julissa Villanueva.


Nye kosthaldsråd

Illustrasjonsfoto: Nadine Primeau on Unsplash

Tysdag vart dei nye nordiske kosthaldsråda presentert. Tilrådingane er basert på den nyaste kunnskapen og forskinga om kosthald og helse.

Ifølgje dei nye kosthaldsråda bør vi ete «betydeleg mindre» enn 350 gram raudt kjøt i veka. Dei viser til omsyn til både helse og klimautslepp.

I staden for kjøt bør vi ete meir belgfrukter (bønner og linser) og fisk frå berekraftig forvalta bestandar. Ein bør òg unngå å drikke alkohol, og viss ein drikk, bør inntaket vere svært lågt.

Helsedirektoratet vil no sjå på dei nye råda, og våren 2024 vil det truleg kome nye norske kosthaldsråd.

Her kan du lese meir om dei nordiske kosthaldsråda.


Over 20 personar pågripne etter skuleåtak i Uganda

Foto: AP Photo/Hajarah Nalwadda

Førre fredag vart 42 personar drepne i eit åtak mot ein skule i Uganda. 37 av dei var elevar. Tysdag var det seks personar som fekk behandling på sjukehus.

Den islamistiske opprørsgruppa Allierte demokratiske styrkar (ADF) er mistenkt for å stå bak åtaket. Åtaket skjedde rundt klokka 23.30 på kvelden, og dei fleste elevane budde på privatskulen i landsbyen Mpondwe.

Madrassar blei sett fyr på og elevar vart låste inne. Andre blei skotne eller stukne til døde då dei forsøkte å flykte, fortel generalmajor Dick Olum.

No er over 20 personar arresterte, ifølgje ugandisk politi. Dei er mistenkte for å ha samarbeidd med militsen som politiet meiner står bak, melder NTB. Rektoren og direktøren for skulen skal vere blant dei som er pågripne.


✨Vekas lyspunkt✨: 40 prosent kvinner i styre

Næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) presenterer regjeringas lovforslag om kjønnsbalanse i styre i norske foretak. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Regjeringa har lagt fram eit lovforslag som pålegg mellomstore og store selskap å ha minst 40 prosent kjønnsbalanse i styra sine.

– Noreg blir det første landet som tek dette steget. Det synest eg vi skal vere stolte av, sa næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) då han la fram lovforslaget.

Det er allereie slike krav i allmennaksjeselskap (ASA) og i dei fleste offentleg eigde selskap.

Den nye kvoteringa skal bli gradvis innført frå neste år, og vil etter kvart omfatte om lag 20 000 selskap. LO og NHO stiller seg bak forslaget. Ifølgje regjeringa har kvinnedelen i norske styre gått frå 15 til 20 prosent dei siste tjue åra.

Stortinget må vedta lovforslaget før det trer i kraft.