Datatilsynet gav idretten utsett innspelsfrist om kontroversiell strøyming

Datatilsynet opnar for at Norges idrettsforbund kan komme med innspel til den nye rettleiaren om strøyming av ungdomsidrett først til hausten.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det opplyste generalsekretær Nils Einar Aas då han og den ferske idrettspresidenten Zaineb Al-Samarai møtte pressa måndag.

Datatilsynet offentleggjorde nyleg den ferske rettleiaren som omhandlar moglegheitene for å strøyme aldersbestemt idrett.

Då vart det opplyst at innspel rundt rettleiaren måtte vere tilsynet i hende innan 30. juni.

– Her vil nok fleire av organisasjonsledda i idretten ha lyst til å komme med innspel. Vi kjem til å leggje vekt på at vi har eit omfattande arbeid gåande med strøymeutvalet, eit forskingsprosjekt på Noregs idrettshøgskole og ei spørjeundersøking som blir gjennomført blant idrettslag og medlemmer, seier generalsekretær Aas.

– Vi ønskjer å gi hovudinnspela våre etter at strøymeutvalet er ferdig med arbeidet sitt. Det vil skje ein eller annan gong i september. Det er Datatilsynet innforstått med, og meiner at fristen dei har sett ikkje er absolutt, legg han til.

Generalsekretær Nils Einar Aas frå Norges Idrettsforbund. Foto: Geir Owe Fredheim

Konklusjonar i september

Idrettsforbundet sette ned strøymeutvalet sitt etter at det vart avdekt kritikkverdige episodar som skapte diskusjon rundt det mykje omtalte Mygame-prosjektet.

Fem særforbund ønskjer å leggje til rette for storstilt strøyming av kampar i ungdomsidretten, men har møtt motbør. I januar vart prosjektet mellombels lagt på is.

Konklusjonane frå strøymeutvalet blir lagde fram i september.

– Strøymeutvalet fortset arbeidet sitt og vil sjølvsagt leggje Datatilsynets rettleiar til grunn for dei vidare diskusjonane, seier NIF-generalsekretær Aas.

Han opplyser vidare at medlemmene i utvalet nyleg møtte Datatilsynet for å få meir informasjon om rettleiaren.

– Det var svært nyttig, fastslår Aas.

Tysdag held Norges idrettsforbund eit informasjonsmøte med særforbund og idrettskrinsar om rettleiaren.

Samtykke

Datatilsynet skriv at strøyming som hovudregel ikkje kan gjennomførast lovleg etter personvernregelverket, med mindre det er snakk om toppidrett med allmenn interesse.

For strøyming av individuelle idrettar, der vanlegvis berre eitt eller to barn blir filma, må det normalt hentast inn gyldig samtykke frå kvar av foreldra til barnet for at strøyming skal kunne forsvarast.

Får tilsynet det som dei vil, blir Mygame-prosjektet svært vrient å gjennomføre.

I 15-årsklassen kan også yngre barn delta. Den nedre aldersgrensa for prosjektet er derfor sett til 13 år.

TV 2 og Amedia er inne på eigarsida i MyGame. I fjor haust slo selskapet seg saman med svenske Sportway.