Vekas viktigaste: Revidert nasjonalbudsjett, Freia-boikott og båtforlis

Åshild Slåen
Publisert

Fryktar fleire hundre migrantar døydde i Middelhavet

Migrantar på ein overfylt fiskebåt. Foto: Handout frå den greske kystvakta via AP

Onsdag forliste ein fiskebåt i internasjonalt farvatn utanfor Hellas. Til no er det 79 personar som er stadfesta omkomne, men ifølgje ein av passasjerane om bord var det 750 passasjerar då skipet sokk.

Greske styresmakter fryktar at det er så mange som 500 personar som har døydd. Dei har sett av tre dagar til landesorg.

Ifølgje Reuters er dette det dødelegaste forliset i Europa i moderne tid, og dei fleste passasjerane er migrantar.

Blant dei redda er det hovudsakleg unge menn frå Syria, Pakistan og Egypt. Dei som har blitt redda har også fortalt om kvinner og barn i lasterommet på båten.

Semje om revidert nasjonalbudsjett

Tre menneske står på rekke framfor fotografar i ei pressekonferanse.

Kari Elisabeth Kaski (SV), Eigil Knutsen (Ap) og Geir Pollestad i vandrehallen på Stortinget etter dei har blitt samde om revidert nasjonalbudsjett. Foto: Peder Mydske / Stortinget via Flickr.

Arbeidar- og senterpartiregjeringa har blitt samde med Sosialistisk Venstreparti om eit revidert nasjonalbudsjett. Budsjettforslaget vart lagt fram i mai.

Dette er nokre av tinga som SV har fått gjennom i det nye budsjettet:

  • Auka barnetrygd
  • Noko finansiering av klimatiltak, som frivillig skogvern
  • Staten tek 70 prosent av kostnaden i store kollektivprosjekt, ein auke frå 66 prosent

Totalt aukar dei pengebruken med 1,5 milliardar kroner. Revidert nasjonalbudsjett blir vedteke av Stortinget i slutten av juni.

Klimaforhandlingar i Bonn

Personar står med fleire handlaga plakatar der det bl. a. står "Fill the fund"

Klimaaktivistar ber om at tap- og skadefondet for fattige land blir finansiert på klimaforhandlingane i Bonn. Foto: UNclimatechange via Flickr (CC BY-NC-SA 2.0)

Torsdag vart mellomforhandlingane i Bonn avslutta. Dette er forhandlingane som skjer før det årlege klimatoppmøtet som i 2023 skal vere i Dubai (COP28), mellom medlemslanda i Parisavtalen.

På konferansen i Bonn blir det utarbeidd notat og forslag til vedtak som blir vidare behandla under klimatoppmøtet. Det er siste moglegheit for medlemsland å møtast før toppmøtet.

Ved førre møte vart det semje om å opprette eit klimafond som fattigare land kan bruke for å betale for tap og skader grunna klimaendringar. Finansieringa av dette fondet var eit av dei store temaa i Bonn, sjølv om det er utfordrande å få på plass meir konkrete økonomiske planar.

Fleire selskap boikottar Freia

Foto: Stefan Schäfer, Lich, CC BY-SA 3.0, via Wikimedia Commons

Det har storma rundt merkevara Freia den siste veka. Sjølv om sjokolademerket har produksjonen sin i Noreg, er dei eigd av Mondelez, som framleis har produksjon i Russland etter krigen braut ut. Selskapet, saman med mange andre merke, er på ei ukrainsk svarteliste som tilrår å velje andre produkt dersom ein vil støtte Ukraina i krigen.

Fleire store norske selskap slutta å selje Freia-produkt på grunn av dette. Kvinnelandslaget i fotball sette også samarbeidet deira på pause og Norges Fotballforbund fjerna produkta frå landskampar og kiosken på Ullevål stadion.

Dei store daglegvarekjedene boikotta derimot ikkje, og Utanriksdepartementet har no klargjort til næringslivet at dei ikkje tilrår boikott. Etter det har både Norwegian, Widerøe og Elkjøp sagt at dei kjem til å selje Freia-produkt.

Den Norske Turistforening, SAS, togselskapet SJ Norge, Classic Norway Hotels og hotellselskapet Strawberry held fast ved boikotten.

Mondelez seier sjølv at dei har nedskalert verksemda i Russland, og at dei har som mål å skilje denne verksemda ut frå selskapet innan 2024.

Selskapet står også bak fleire andre produkt som Oreo, Philadelphia og Ritz. Eit anna selskap som er svartelista av Ukraina er Procter Gamble som har produkt som Gilette, Tampax og Head & Shoulders.

Silvio Berlusconi er død

Foto: European People’s Party, CC BY 2.0, via Wikimedia Commons

Den tidlegare statsministeren i Italia, Silvio Berlusconi, døydde denne veka. Han var lagt inn på sjukehus for behandling av leukemi. Berlusconi vart 86 år gammal og var statsminister i Italia i 1994 til 1995, 2001 til 2006 og 2008 til 2011.

I tillegg til å vere politikar etablerte han eit eige medieselskap, Mediaset SpA, den største kommersielle kringkastaren i Italia. Gjennom sin politiske karriere fekk han 50 mistillitsforslag, han vart skulda for å ha band til mafiaen og i 2015 vart han dømt til tre år i fengsel for å ha bestukke ein senator.

Berlusconi hadde også eit venleg forhold til den russiske presidenten Vladimir Putin. Den russiske presidenten hylla den tidlegare statsministeren då dødsfallet vart kjent.

✨Lyspunkt✨: Oskar Westerlin samla inn over 200 000 til Kreftforeningen

Bilete med ni menn i sykkelutstyr.

Oskar Westerlin fekk støtte frå fleire hjelperyttarar på veg til Bergen. Skjermdump frå Instagram-kontoen oskarwesterlin.

I helga sykla påverkar Oskar Westerlin frå Oslo til Bergen. Dette gjorde han for å samle inn pengar til Kreftforeningen.

Han har spesielt hatt fokus på hudkreft og kor viktig det er å smørje seg med solkrem når ein driv med uteaktivitetar som sykling. Spleisen han oppretta samla inn over 210 000 kroner, og 54 000 av desse frå Westerlin sjølv.


Vil du få vekas viktigaste rett i innboksenAbonner på nyheitsbrevet vårt!