Vekas viktigaste: Skogsbrann, terror-rapport og flaum i Ukraina

Åshild Slåen
Publisert

Barnevernsvarsel har forsvunne på grunn av tekniske feil

Tre barn som held hender med ryggen til.

Illustrasjonsfoto: Markus Spiske via Unsplash

26 kommunar har oppdaga avvik i det systemet dei brukar for å få bekymringsmeldingar til barnevernet. Bergen, Kristiansand, Drammen og Oslo er blant desse kommunane. Blant desse har Bergen kommune flest forsvunne bekymringsmeldingar.

Heile 266 kommunar kan vere ramma av feilen ifølgje Visma.

– Saka er svært alvorleg, og eg er bekymra for kva konsekvensar dette har hatt for sårbare barn og unge som treng hjelp, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) til NTB.

Kor mange barnevernsvarsel som ikkje har nådd fram er førebels usikkert. Ifølgje Barne-, familie- og ungdomsdirektoratet (Bufdir) kan det ta fleire veker å få fullstendig oversikt over ramma kommunar og tapte meldingar.


Demning brast i Ukraina

Personar blir evakuert med båt.

Ein nødarbeidar ber på eigedelane til nokre av innbyggjarane som blir evakuert etter ei demning brast i Kherson-regionen i Ukraina. Foto: AP Photo/Felipe Dana

Natt til tysdag brast ei viktig demning i Ukraina. Demninga heldt vatn frå elva Dnipro i regionen Kherson i den sørlege delen av landet. Korleis demninga brast er omstridt. Ukrainsk side har skulda Russland for å sprenge demninga, medan Russland har skulda Ukraina for å utløyse sprenginga med skot.

Det vart også spekulert i om demninga brast av seg sjølv etter slitasje frå krigen og mangel på vedlikehald, men dette er lite sannsynleg. Norske ekspertar seier det truleg var ein eksplosjon, sidan det kom utslag på målestasjonar 500 kilometer unna demninga, og ein naturleg kollaps ville ikkje gitt slike utslag.

Overfløyminga etter demninga brast har ført til at over 40 000 menneske må evakuere. Rundt 17 000 av desse er på ukrainsk-kontrollert område medan rundt 25 000 er på russisk-kontrollert område.


Rapport: Åtaket i fjor kunne vore avverja

Blomar, Pride-flagg og ein bodskap om kjærleik. 25. juni 2022 vart to personar drepne og fleire såra i ei masseskyting i Oslo. Foto: Birgitte Vågnes Bakken

Torsdag la 25. juni-utvalet fram evalueringsrapporten om skytinga som skjedde i Oslo i fjor. Rapporten tek blant for seg kva Politiets tryggingsteneste (PST) og politiet visste før åtaket.

Dette er dei ti mest sentrale funna:

  • Det er mogleg at åtaket kunne vore hindra dersom PST oppretta ei førebyggjande sak mot gjerningsmannen Zaniar Matapour på førehand.
  • PST delte ikkje relevant informasjon som dei hadde med dei i politiet som hadde ansvar for å følgje opp Matapour.
  • Det er mogleg at åtaket kunne vore hindra, sidan PST fekk eit varsel frå E-tenesta fem dagar før hendinga.
  • Etter varselet sjekka ikkje PST Arfan Bhatti, som også er sikta i saka, sine sosiale medium.
  • Handteringa til politiet under åtaket vart for det meste gjennomført etter retningslinjene.
  • Politiet er framleis avgrensa i kva dei kan gjere for å handtere alvorlege kriser og hendingar på grunn av manglande beredskap og tilgjengelegheit.
  • Politiet gav Oslo pride eit for stort kommunikasjonsansvar.
  • Det var for lite samhandling mellom Oslo politidistrikt, PST og Politidirektoratet om korleis dei skulle kommunisere informasjon om åtaket.
  • Politidirektøren hadde ikkje godt nok grunnlag til å overprøve vurderinga til Oslo-politiet når det kom til solidaritetsmarkeringa den 27. juni.
  • Å tilrå avlysing av solidaritetsmarkeringa var i strid med forsamlingsfridomen som er slått fast i den norske grunnlova.

Regjeringa har kalla inn PST og politidirektoratet på teppet for å forklare seg fredag.


Alvorleg togulukke i India

Personar i oransje kjeledresser om natta ved togulukke.

Redningsarbeidarar ved togulukka i India. Foto: BMphoto, CC BY-SA 4.0, via Wikimedia Commons

Natt til laurdag 3. juni var det ei stor togulukke i India. Minst 288 personar døydde, og rundt 1200 personar vart skada, ifølgje Reuters. Dette er den verste togulukka i landet sidan 90-talet. Ulukka skjedde i den austlege delstaten Odisha.

Det indiske jernbanenettet er eit av dei største i verda, og rundt 12 millionar personar tek toget kvar dag. Togulukker er ikkje uvanleg, grunna gamle signalsystem og menneskelege feil, men dei siste åra er det investert mykje pengar for å betre tryggleiken på jernbanene.

Ulukka blir no etterforska. Hovudgrunnen er ifølgje den indiske jernbaneministeren ein signalfeil som gav grønt lys til passasjertoget for å køyre på ei bane der det sto eit godstog parkert.


Røyk frå skogsbrann i Canada spreier seg heilt til Noreg

Høge bygningar med oransje himmel.

Røyk frå skogbrannar i Canada pregar bybiletet i New York. Foto: Photo by Raphael Lovaski via Unsplash

Canada opplever den verste starten på ein skogbrannsesong nokosinne, melder Reuters.

Nyheitsbyrået skriv at om lag 3,8 millionar hektar allereie har brunne. Det er 15 gongar gjennomsnittet på ti år.

På ein pressekonferanse onsdag sa landets minister for kriseberedskap Bill Blair at det er det tøffaste året som er registrert, med over 414 brannar. 239 av dei er ute av kontroll.

Meir enn 20 000 personar er evakuerte frå heimane sine, og nokre av brannane er så store at dei kan sjåast frå verdsrommet.

Røyken frå brannane pregar fleire stader utanfor Canada. Luftkvaliteten har blitt svært dårleg i fleire deler av USA. Røykpartiklane frå brannane har nådd så langt som Sørlandet i Noreg.


✨Lyspunkt✨: Nedgang i klimagassar

Graf over klimagassutslepp i sektorane Olje- og gassutvinning, Industri og bergverk, Energiforsyning, Oppvarming i andre næringar og hushaldningar, Vegtrafikk, Luftfart, sjøfart, anleggsmaskinar m. m., Jordbruk og Andre kjelder

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Totalt slapp Noreg ut 48,9 millionar CO₂-ekvivalentar i 2022. Det er ein nedgang på 0,5 prosent i 2022. Dette følgjer den større nedgangen på 3,4 prosent frå 2019 til 2020.

Statistisk sentralbyrå har teke for seg forskjellige hovudkjelder til klimagass, og nesten alle har hatt ein nedgang.

Luftfart og oppvarming er nokre av områda som hadde ein auke i utslepp, på grunn av høg straumpris, ein lang vinter og auke i reise etter pandemien. Trass i dette har det totalt vore ein nedgang.


Vil du få vekas viktigaste rett i innboksenAbonner på nyheitsbrevet vårt!