26 kommunar har funne avvik i varslingssystem i barnevernet

Nynorsk Pressekontor
Publisert

– Denne saka har høgaste prioritet i departementet. Saka er svært alvorleg, og eg er bekymra for kva konsekvensar dette har hatt for sårbare barn og unge som treng hjelp, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) til NTB.

I statusrapporten skriv Barne-, familie- og ungdomsdirektoratet (Bufdir) til Toppes departement at det er for tidleg å seie kor mange meldingar som ikkje har komme fram.

Kartlegginga så langt kan likevel tyde på at mange kommunar ikkje er ramma.

26 kommunar ramma

Ifølgje Visma er 244 kommunar mogleg omfatta av feilen. 68 barnevernstenester har meldt at det ikkje er problem hos seg. Desse barnevernstenestene representerer 120 av desse kommunane. Tala frå Bufdir er henta inn inntil tysdag ettermiddag.

Samtidig har 26 kommunar melde at dei har avvik. Blant desse kommunane er Bergen, Kristiansand, Oslo og Drammen. Det er Bergen kommune som har rapportert om flest forsvunne bekymringsmeldingar.

På spørsmål om kor lenge feilen kan ha vore der, svarer Bufdir:

– Feilen har vore der sidan Visma etablerte mottaksapparatet sitt for portalen i Familia. Etter opplysningane våre skjedde dette frå 30.09.2022.

Feilen blir beskriven av Visma som ein ikkje-systematisk feil. Alle meldingar har dermed ikkje vorte ramma, men har to ulike integrasjonar. Den eine er retta. Den andre veit ikkje Visma årsaka til enno. Dersom denne feilen skjer no, går bekymringsmeldinga direkte til manuell postgang.

Ifølgje selskapet var det likevel når dei to feila opptredde samtidig at avviket oppstod.

Færre bekymringsmeldingar ikkje i samanheng

Bufdir svarer også på spørsmål om det kan vere ein samanheng mellom feilen i varslingsløysinga og trenden med færre bekymringsmeldingar til barnevernet. Dei peikar på ein nedgåande trend også i kommunar der ein veit at feilen ikkje har lege i systemet, som i Bærum og Trondheim.

– Vi meiner derfor vi førebels kan konkludere med at det primært er andre forhold enn teknisk svikt som forklarer nedgangen i talet på bekymringsmeldingar dei siste åra, heiter det.

I rapporten skriv Bufdir vidare at det truleg ta fleire veker å få full oversikt over alle kommunar og talet på tapte meldingar.

Vil ha gransking

Det var måndag at det vart gjort kjent at det er avdekt ein feil i Visma-systemet Familia som gjer at bekymringsmeldingar til barnevernet har forsvunne.

Statsråd Toppe meiner statusrapporten frå Bufdir er viktig når departementet skal forme ut eit granskingsoppdrag.

– Vi tek sikte på å ha dette klart i løpet av dei næraste dagane. Det er Bufdir som vil få oppdraget med å granske dette, og det skal skje i tett samarbeid med Helsetilsynet. Granskinga føreset dialog med fleire aktørar, blant dei KS, Datatilsynet og Digitaliseringsdirektoratet.

Meld frå på nytt

Toppe seier til NRK at alle som mistenkjer at meldingane deira ikkje har kome fram til barnevernet, må melde frå på nytt.

– Eg ber Bufdir gjennom statsforvaltarane ha dialog med kommunane om dette, slik at oppmodinga om å melde frå på nytt også kan settast fram lokalt i dei kommunane som er råka.

Bufdir sine sider kan ein lesa at det vert vurdert som trygt å melde ifrå via portalen, om ikkje må meldingane sendast som brev.


Nellie Renate Krokstad debuterer som forfattar med boka «Løvetannbarnet», der ho fortel om eigen oppvekst. Foto: Pål Laukli