Gir gatene namn etter Pokémon

Framtida
Publisert

Saka var først publisert i Framtida Junior, søsteravisa til Framtida.no.

Då nye gater skulle få namn i ein forstad i Las Vegas, foreslo barna til byggeleiaren Andrea Miller å bruke namn frå Pokémon-universet, skriv CBC.

Andrea og sønene på 11 og 14 år sette seg ned og laga ei liste over dei mest populære Pokémonane. Men den mest kjente av dei alle, fekk ikkje ei gate kalla opp etter seg.

– Eg ønskte ikkje å bruke Pikachu fordi eg ville ikkje at det skulle vere for tydeleg at gatene var kalla opp etter Pokémon, fortel Andrea til CBC.

Ønsker å få folk til å smile

Ho håper at The Pokémon Company, som eig merkevara «Pokémon», vil tenke at det er ein fin ting at gatene i Las Vegas har namn etter figurane.

Målet hennar er å få folk til å smile.

– Kvar gong eg høyrer «Jigglypuff», fniser eg litt. Så eg håper dei som kjøper hus her også vil gjere det, seier ho til CBC.


Game Freak, Warner Bros. Interactive Entertainment, Sony Interactive Entertainment, Firaxis Games, Blizzard Entertainment, Kollasj, Mathis Martinsen Dale