Jakta for å fanga Pikachu, Snorlax og Bulbasaur førte til ein noko uventa situasjon for to politibetjentar i USA. Dei mista nemleg jobben etter jakta på dei virtuella dyra.
Marte Husabø
Marte Husabø

Denne saka stod først publisert hjå Framtida Junior. Der kan du òg lese om den rikaste mannen i historia og om Mali (15) som er lei forskjellsbehandling på fotballbana

I eit nytt rettsdokument frå California i USA, kjem det fram at to politibetjentar hadde ein noko dårleg dag på jobben i starten av 2017.

Grunnen? Dei hadde oversett ein samtale om eit ran, fordi dei heller ville fanga ein Snorlax og ein Togetic i det populære mobilspelet Pokémon Go.

Saka er omtalt av fleire medium, deriblant spelmagasinet Game Reactor.

Tatt opp på video og mikrofon

I USA har politibetjentar kamera og mikrofon i bilane sine, og nettopp dette gløymde nok dei to betjentane den 15. april 2017. For både kameraet og mikrofonen i bilen deira tok nemleg opptak av korleis det heile utspelte seg.

Dette er eit utdrag av opptaket frå bilen:

  • Betjentane fekk anrop om eit ran rett over klokka 18.00. Då seier betjent Lozano at dei berre skal «drita i å sjekka det ut».
  • Klokka 18.09 seier den same politimannen at Snorlax hadde dukka opp på kartet.
  • På veg til å fanga Snorlax, seier betjent Mitchell at han også har sett ein Togetic på kartet.
  • Etter ei stund verkar det som Mitchell fekk fanga Snorlax, sidan han jubla og sa «fekk han». Deretter gjekk turen for å fanga Togetic. Der fanga mikrofonen opp at betjentane mellom anna sa «ikkje spring vekk, ikkje spring vekk», «fekk han» og «fy flate, mann. Denne tingen kjempar driten ut av meg».
  • Då Pokémonane var fanga, reiste dei to betjentane til ein 7-Eleven, der dei skulle avslutta skiftet sitt. Medan dei køyrde dit, fanga mikrofonen opp at betjent Mitchell sa «eg skaffa deg ein heilt ny Pokémon i dag, kompis».

Nektar for å ha spelt Pokémon Go

Ein skulle kanskje tru at dette var gode nok bevis for at dei to betjentane ikkje gjorde det dei faktisk skulle på jobben denne dagen. Men trass i bevisa, nektar dei for at dei spelte Pokémon Go i arbeidstida.

The Verge skriv at dei derimot meiner at dei berre hadde hatt ein vanleg samtale. Det spørst om sjefane deira trur på nettopp det.


Illustrasjonsfoto: Gabriel Kidegho/Unsplash
ANNONSE