Stengde Champs-Élysées for verdas største diktat

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

Det er ikkje berre bagett og alpelue som er typisk fransk. Franskmennene har òg ein sterk tradisjon for diktat.

Diktat er noko dei fleste franskmenn har vore gjennom i løpet av skulegangen. For mange er det tydelegvis ikkje vonde minne knytt til å transkribere tekst som blir lesen opp. Då Champs-Élysées-komitéen arrangerte rekordforsøk i diktat, var det heile 50 000 som søkte om å få delta, skriv AFP.

– Diktering er eit instrument for å leve saman. Det er samlande. Det er eit monument, seier arrangør Marc-Antoine Jamet ifølgje nyheitsbyrået.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av My Little Paris (@mylittleparis)

– Nesten umogleg

Søndag blei den kjende avenyen Champs-Élysées i Paris stengd og fylt med pultar, penn og papir.

– Eg hadde berre to feil! Eg venta at det skulle vere mykje vanskelegare, bryt 65 år gamle Touria Zerhouni ut i glede til AFP.

Barneskuleelev Antoine sleit derimot med å skrive ned det som blei lese opp.

– Det var nesten umogleg. Det var ein diktat for vaksne, seier Antoine, som er ein av dei beste i klassa si.

10 år gamle Samson enda med å gi opp.

– Eg synest det er vanskeleg fordi det går for fort.

Rekord

Blant oppgåvene deltakarane fekk bryne seg på, var eit utdrag av novella La Mule du Pape av Alphonse Daudet. 1397 personar fekk denne runda godkjent. Det no er blitt godkjent som rekord for tal på menneske som tar diktat samstundes i Guinness rekordbok.

Dei neste rundane var opplesing av ein samtidstekst og av ein sportstekst.

Til saman deltok over 5000 på arrangementet, som inneheldt tre diktatar.


Stillbilete frå filmatiseringa av Hendelsen: Another World Entertainment. Omslag: Gyldendal