Edith Meek Allern
Publisert
Oppdatert 20.10.2022 08:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I Hendelsen skildrar Annie Ernaux dei dramatiske detaljane rundt ein abort ho sjølv gjekk igjennom som 23-åring, då det endå var ulovleg i Frankrike. Etter eit mislykka forsøk med strikkepinnar, drar ho til ei klok kone i ei fransk bakgate.

Synet av rommet der inngrepet blir utført – med eit respatexbord og eit vaskefat, ein hårbørste og eit raudt kateter oppå – skildrar ho som eit stilleben ein ikkje finn på nokon av verdas kunstmuseum.

Mangelen på framstilling av historier frå kvinnelege liv og blikk som Ernaux her etterlyser, får ein seie òg gjeld innan nobelprisvinnande litteratur.

Annie Ernaux vann årets Nobelpris i litteratur.
Foto: Catherine Hélie © Editions Gallimard

Denne månaden vann Ernaux sjølv nobelprisen i litteratur – som syttande kvinne av historisk 119 prisutdelingar.

I Frankrike har ho vore ein anerkjend og prisvinnande forfattar sidan 70-talet, men hovudverket Årene vart først sett om til engelsk i 2019. Sidan har engelsk- som norskspråklege hasta for å ta igjen forfattarskapet som strekk seg over 20 fiksjonaliserte sjølvbiografiar.

Her er fire bøker av nobelprisvinnaren du bør lese.

Far/En kvinne (Une femme og La place)

Omslag: Gyldendal

Bøkene Une femme og La place er i norsk omsetjing slått saman til éi bok, Far/ En kvinne. I desse bøkene rekonstruerer Ernaux livet til høvesvis faren og mora i etterkant av å ha mista dei.

Foreldra vaks begge opp i fattigdom, slutta på skulen og byrja arbeide før dei blei tenåringar. Etter jobb på gard og i fabrikk gjorde dei ei stor klassereise i å verte første i slekta til å eige eigedom: ein liten, kombinert kafé og kolonial. Der jobbar dei utan kvile.

En kvinne skildrar korleis mora ønska at dottera skulle gjere det neste steget av klassereisa. Meir enn pengar handla det om kulturell kapital – å bli den første i familien til å gå på universitetet, lære det referanseproppa språket til dei intellektuelle, bli ein suksess.

Ernaux skriv nært omgrepa til sosiologen Pierre Bourdieu om kapitalformer. Ho har tidlegare sagt at det var først då ho las Bourdieu at ho forstod seg sjølv, og at livet hennar var noko å fortelje om som forfattar.

Framandgjering som følgje av klassereise og sosiale forskjellar knytt til kulturell kapital, er gripande tematisert i både Far og En kvinne.

For Ernaux lykkast i ønsket til mora ved å ta ein humanistisk universitetsgrad, komme inn i intellektuelle miljø og bli forfattar, men samstundes oppstår ein avstand mellom Ernaux og foreldra.

«Mor, som var født inn i et undertrykt miljø hun ville ut av, måtte bli historie for at jeg skulle føle meg mindre alene og tilgjort i ordenens og ideenes dominerende verden, som jeg, etter hennes ønske, trådte inn i,» skriv ho i En kvinne.

I Far omtalar ho det som «[ …] avstanden som kom mellom han og meg då eg var ung. Ein avstand på grunn av ein klasseforskjell som ikkje har noko namn 

Talande på avstanden er òg situasjonen der Ernaux tek med seg ein kjærast ho har møtt på universitetet heim, og faren tek på seg slips for å treffe han. Det er bilete som dette snarare enn teori som formidlar om klasse i bøkene til Ernaux. Og det er mellom anna sånn ho utover sterke lesaropplevingar òg tilbyr eit språk for bruk i eige liv.

Om det er ei oppleving av imposter syndrom i ein universitetsbygning, på ein fin restaurant eller i ein samtale, eller om brytninga mellom bakgrunn og til dømes studiestad eller -miljø kjem til uttrykk når ein drar heim, er det språk for den type erfaring av sosiale forskjellar å finne i bøkene til Ernaux.

Årene (Les années)

Årene (Les années) er rekna som hovudverket til Ernaux.

Omslag: Gyldendal

I denne boka blir personleg og fransk historie fletta saman i framstillinga av ein epoke frå 1941 til 2006. Tidsramma strekker seg frå ein ikkje-privilegert oppvekst i Nord-Frankrike, til arbeid som fransklærar, ekteskap og til slutt skilsmisse.

Teksten er ein medvitsstraum av personlege minne, historiske hendingar og skiftande populærkultur. Frå songar ein fekk gåsehud av til bøkene som endra alt, demonstrasjonar for abort, mot krig, atomvåpen, arbeidsløyse, eksplosjon i forbruk og matrettar. På eit vis skapar Ernaux nostalgi over ei tid ein som norsk lesar neppe har eit eigentleg forhold til.

På grunn av at skriveprosessen òg her er ein uttrykt del av teksten, har lesaren alltid den eldre Ernaux i bakhovudet, sjølv i parti som handlar om då ho var ung. Men motsett kontrasterer ho òg vaksenliv med yngre dagar. Det gjer at parti om opplevingar i det vaksne livet på 70- og 80-talet er interessant for unge som står i tankearbeidet om si eiga framtid.

Til dømes skriv Ernaux om ekteskap som tydde til ny tapet når dei mista samtalen mellom seg og frykta skilsmisse:

De kunne plutselig bli overmannet av lysten til å spole tilbake i tid. De misunte de unge som, til samfunnets nikkende bifall, var «samboere», noe de selv ikke hadde fått lov til [ …] De sammenlignet sitt eget liv med livet til enslige og skilte, kikket lengselsfullt på den unge backpackerjenta som satt ubekymret på bakken utenfor jernbanestasjonen og drakk melk rett fra kartongen.

Ei av dei mest interessante sidene ved denne flettinga av personleg og fransk historie, er poenget Ernaux gjer om at det å fortelje historia til ei kvinne naudsynt er uløyseleg knytt til samfunnsutviklinga. Dette fordi moglegheita for korleis livet til ei kvinne utartar seg, er avhengig av kva press eller rettar og fridom ein blir gitt.

Utover fine lesaropplevingar, gir Ernaux lesaren nok ein gong verktøy for å knytte små og store hendingar i eige liv til politikk og maktstrukturar.

Den franske forfattaren Éduoard Louis, som sjølv har hevda at han ikkje ville blitt forfattar utan Ernaux, kan tene som døme. Han har i likskap med Ernaux skrive to bøker der han spinn politikk saman med skjebnen til mora og faren sin. I Hvem drepte far skuldar han presidentar for politikk med direkte konsekvensar for livet til foreldra, og i En kvinnes frigjøring skriv han at mykje av livet til mora var «et resultat av krefter utenfor henne – samfunnet, det maskuline, faren min.»

Det gjer det mogleg å tenkje at bøkene til Ernaux gir lesarar ein metode for å forstå eigne opplevingar i samanheng med politikk, òg utover det som liknar identiteten og erfaringane hennar.

Hendelsen (L’événement)

Omslag: Gyldendal

Hendelsen (L’événement) handlar om ein illegal abort Ernaux gjennomgjekk i 1963. Ingen legar ville utføre inngrepet, og først forsøkte ho difor i eigen studentheim med strikkepinnar, men mislykkast. Mot det ho finn av pengar får ho omsider inngrepet utført av ei klok kone i ei fransk bakgate, men det trugar helsa til Ernaux nær døden. Ho må leggjast inn på sjukehus der ho møter foraktfulle legar.

Boka er på ingen måte vakker, men intens, vond og opprørande.

Boka behandlar òg klasseperspektiv av reproduktive rettar. At ingen legar vil utføre inngrepet, tilskriv ho sin sosiale bakgrunn frå arbeidarklassen. Samstundes ser ho inngrepet som avgjerande for moglegheita til å fullføre studia og si eiga klassereise, og samanliknar desperasjonen med situasjonen til illegale flyktningar. I tillegg kjem Ernaux frå ein djupt religiøs familie.

– Det som voks inni meg, var på sett og vis mitt sosiale nederlag, skriv ho.

Då boka kom ut i 2000 fekk ho høyre at temaet ikkje var dagsaktuelt. Dei siste åra har tilbakegang for reproduktive rettar i land som Polen og USA reaktualisert boka, spørsmål om denne typen abortar igjen blir utbreidd i desse landa og korleis forboda har ulike konsekvensar for kvinner avhengig av økonomisk bakgrunn.

– Då eg skreiv Hendelsen, var det for å behalde minnet. Eg hadde aldri førestilt meg at retten til abort tjue år etterpå skulle bli stilt spørsmål ved igjen. Eg vil kjempe til mitt siste andedrag for at kvinner skal kunne velje å bli mor eller å ikkje bli det. Prevensjon, retten til abort, det er utgangspunktet for kvinnefrigjering, fortalde Ernaux til avisa Le Figaro om utviklinga i etterkant av nobelprisutdelinga.

Annie Ernaux si Hendelsen er nyleg filmatisert, og har motteke gode kritikkar. Foto: Another World Entertainmen.

Ernaux har eit djupt personleg forfattarskap, og gir på mange måtar lesaren livet og relasjonane sine. Fotografi, personlege minne og dagboknotat er gjennomgåande viktige utgangspunkt for bøkene. Samstundes tilnærmar ho seg desse på ein nøktern, studerande måte, utan adjektiv og kjensleladd språk.

Ho skriv opprørande og personlege historier som likevel først og fremst blir opplevde som politiske knytt til kjønn og klasse.

Med eit sidespenn på mellom 80 og 248 sider, er Far/ En kvinne, Årene og Hendelsen raskt lesne, men ikkje raskt gløymde.


Illustrasjonsfoto: Gift Habeshaw. Kollasj: Framtida.no

Kva sa Bourdieu?

Hos Bourdieu er klassesamfunn ikkje berre skapt eller vidareført av forskjellar i økonomisk kapital, men òg det han kallar kulturell, sosial og symbolsk kapital.

Han bygde mellom anna teorien om kapitalformer på statistikk som viste større statistisk samanheng mellom suksess for universitetsstudentar om dei hadde foreldre med høgare utdanning, enn om dei hadde foreldre med mykje pengar.