Det er ikkje rullestolen som gjer Hannah Lunden (23) oppgitt og sint

Jonas Yang Tislevoll
Publisert
Oppdatert 10.07.2023 14:07

– Eg seier alltid at det er ikkje det å hamne i rullestol som er jævlig. Det er systemet rundt. Eit system du konstant må krangle med. Det er alltid ein anna person som har ein peikepinn på korleis livet ditt skal vere. Det synest eg er sjukt irriterande, seier Hannah Lunden.

Til dagleg jobbar 23-åringen frå Gjerstad i Agder som relasjonskonsulent, men det er inga sjølvfølge at Lunden er i jobb. Med sine funksjons­nedsettingar er ho avhengig av assistanse frå NAV.

Funksjonsassistanse i arbeidslivet er i korte trekk ei Nav-ordning som lèt funksjonshemma søke støtte til praktisk hjelp i arbeidslivet. Den 16. mai kom nyheita at det frå mai er stans i å innvilge slik assistanse til nye brukarar

Årsaka? Det er rett og slett tomt for pengar.

Som lyn frå klar himmel

Til Nynorsk pressekontor kommenterte generalsekretær ved Funksjonshemmedes fellesorganisasjon (FFO), Lilly Ann Elvestad, at dei vart svært overraska over nyheita.

– Vi er svært bekymra dersom dette betyr at fleire ikkje kjem i arbeid ved å få funksjonsassistanse, seier Elvestad.

Sjølv om Lunden ikkje blir direkte råka, vart ho svært sint då hos las nyheita. Dette gjorde at ho valde å skrive eit innlegg på si eiga facebookside.

Hannah Lunden saman med sine tantebarn heime på garden i Gjerstad. Foto: Privat

– Eg har hatt funksjonsassistanse gjennom Nav i to år. Sidan eg har tenesta, mistar eg den ikkje, men dette vil få store konsekvensar for alle andre som vil ut i jobb, seier Lunden oppgitt.

– Kva andre tankar har du gjort deg opp om dette? 

– Dette er ei løysning som har fungert bra over fleire år. Eg tenker at Nav ikkje burde ha ein pott for å få folk ut i arbeid. Det må vere mykje meir samfunnsøkonomisk at alle kan jobba i den grad dei klarer. Dei som assisterer oss på jobb vil jo som alle andre betale skatt til samfunnet.

Lunden fryktar konsekvensane av dette.

– Om ein tar ei lang utdanning og ikkje får seg jobb, vil det for mange vere mykje lettare å ta uføretrygda, sukkar Lunden. 

Ei ordning som fungerer

Tove Linnea Brandvik, forbundsleiar i Norges Handikapforbund, seier på telefon til framtida.no at potten for funksjonsassistanse er for låg.

– Nyheita kom overraskande på oss. Potten for funksjonsassistanse kan ikkje vere rammestyrt, slik at den kan gå tom om det skal vere ein rett som skal fungere for alle. Tidlegare har regjeringane vore flinke på å fylle på potten, når det har vore behov.

Tove Linnea Brandvik, forbundsleiar for Noregs Handikapforbund.

Brandvik har ikkje fått nokon konkrete løfter om at saka blir løyst i det revidert nasjonalbudsjett. Men signala er positive.

– Vi forventar at det blir gjort noko med dette. Funksjonsassistanse er jo ei ordning som berre fungerer om folk går i jobb. Derfor er det ein 100 prosent garanti for at pengane du brukar har stor effekt.

Vanskeleg på vidaregåande skule

I 2021 hadde FFO ei undersøking der 90 elevar mellom 16 og 35 år snakka om sine erfaringar på vidaregåande skule. Der kom det fram at elevane møtte mangel på tilpassa opplæring, manglande spesialundervisning og fordommar.

Tilbake i 2014 hadde forskning.no ei undersøking som viste at heile 64 prosent av barn med fysiske funksjonsnedsettingar ikkje fullfører vidaregåande skule, mot berre 17 prosent i befolkninga elles.

Hannah Lunden saman med servicehunden E.T. Foto: Privat

Lunden er ein av dei som har fullført 13 år med skulegang. Ho har også har eit sterkt ønske om å studere meir, men er usikker på om det er noko ho orkar.

– Det hjelper ikkje på motivasjonen at det er så vanskeleg for oss med funksjonsnedsettingar. Eg tenker ofte at eg slepp å streve meg gjennom eit utdanningsløp som kostar mykje meir for meg, enn kva det gjer for andre.

Ikkje godt nok

Lunden beskriv seg sjølv som ein glad person som alltid prøver å gjere det beste ut av kvar situasjon. Ho ønsker ikkje noko sympati for at ho sit i rullestol, og seier at ho lever livet som dei fleste andre 23-åringar.

– Folk tenker veldig fort at dei som sit i rullestol er dumme. Det er viktig at vi får ut informasjon, slik at folk kan få meir kunnskap om korleis livet med funksjonsnedsettingar kan vere.

Lunden er klar på at samfunnet må legge meir til rette for folk med funksjonsnedsettingar. Ho seier at det har blitt betre med tida, men at det framleis er ein lang veg å gå.

– Samfunnet er generelt veldig dårleg tilrettelagt for folk i rullestol. Dei nye toga er ikkje tilrettelagt i det heile. Same med t-banen. Skal folk ut på restaurant, så må dei alltid tenke over om det er mogleg å komme seg inn i bygget.

I kvardagen har Lunden brukarstyrt personleg assistanse (BPA) frå Gjerstad kommune. Dette kallar ho for sitt likestillingsverktøy.

– Eg får hjelp dei 16 timane eg er vaken. Eg har eigentleg behov for assistanse på natta, men det er ein eigen kamp, seier Lunden.

23-åringen tykkjer det er altfor vanskeleg å komme seg gjennom systema for funksjonsnedsettingar.

– Vi må alltid søke, når vi treng noko. Ofte blir det avslag, då må du klage. Alt blir ein lang og slitsam prosess. Vi treng berre eit ekstra sett med armar og bein for å fungere i kvardagen.

Ikkje eit effektivt samfunn

Forbundsleiar i Norsk Handikapforbund, Tove Linnea Brandvik, har blitt presentert med innhaldet i saka.

– Opplever de at det er mange som har same opplevingar som Hannah?

– Det veldig kortet svaret er ja. Sett på spissen er det derfor slike organisasjonar som Noregs Handikapforbund eksisterer. Vi må få samfunnet og systema til å fungere slik at folk får tilgang til dei rettane ein har, og til dei rettane ein kan forvente å få.

2. mai i år kom rapporten «På høy tid» som er ein norsk utreiing og gjennomgang av funksjonshemma sine rettar i samfunnet.

– Undersøkinga viser at Noreg har ordningar, men at folk ikkje får tilgang, noko som gjer at dei ikkje får full effekt, seier Brandvik.

Brandvik seier det er ingenting som tyder på at det er ei forandring rundt undersøkinga forskning.no hadde i 2014.

– Tala er framleis ganske gyldige og det er problematisk. Alle treng ei god utdanning for å komme i jobb. For meg som funksjonshemma gjeld ei utdanning fire og ein halv gong meir enn for folk elles.

Fleire gjennom utdanningssystemet, samfunn med universell utforming under like vilkår for alle og tilgang på tenester, er tre punkt Brandvik drar fram på spørsmål om kva som er viktig for å hjelpe dei som har funksjonsnedsettingar.

– Har de i handikapforbundet sett stor forandring dei siste 20 åra?

– Vi opplever ikkje at folk med funksjonsnedsettingar har tatt igjen dei andre innbyggjarane i forhold til korleis situasjonen er. Alt i samfunnet har gått framover. Det er dårlegare økonomiske vilkår for oss i dag, enn for 20 år sidan.

Dagen som forandra alt

Etter rideulykka vart det to veker på Ullevål sjukehus. Foto: Privat

Det var som 14-åring Lunden fekk livet sitt snudd opp ned. Ho seier at ulukka ikkje var dramatisk, men at konsekvensane var enorme. Skaden Lunden fekk i ryggmergen gjer at ho aldri vil få moglegheit til å gå igjen.

– Eg fall av ein hest på ridetur med nokon venninner. Eg kjende ikkje heile kroppen, då eg vakna opp. Etter eg kom meg til hektene ringde eg pappa som er ambulansearbeidar. Han henta meg, deretter vart eg floge til sjukehuset i Arendal. Der fekk eg påvist brot i nakken, og då vart eg sendt rett til Oslo for operasjon.

Etter to veker på Ullevål sjukehus, budde Lunden ni månader på Sunnaas sjukehus. Det beskriv ho som ein trygg og god plass med dyktige folk. Der måtte ho lære seg alt på nytt. Alt frå det å ete til å tilvende seg kvardagen i rullestolen.

– Etterpå kjem ein heim og skal by seg ut på livet, utfordringane og korleis ein skal klare seg best i kvardagen for å få den fridomen ein sjølv ønsker. Då er det synd at systemet skal gjere det så vanskeleg for oss.


Fritt Ord-logo, blåDenne saka er ein del av artikkelserien «Minoritet og makt», som er eit journalistisk prosjekt støtta av Fritt Ord-stiftinga.

Har du tilbakemeldingar eller tips til prosjektet? Send oss ein e-post på tips (at) framtida.no, eller ei melding på Instagram.


Ung mann i rullestol sit framføre ein PC-skjerm.

Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK