Redd Barna om pride-avlysing: – Kjempeopprørte og triste

Organisasjonen har meldt trugslar om vald mot barnearrangementet til politiet.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Oppdatert 11:23 med sitat frå Kultur- og likestillingsministeren og justisministeren.

– Vi er kjempeopprørte og triste, seier Redd Barna. Organisasjonen har måtta avlyse ein pridefestival for barn i Bergen på grunn av truslar.

Pridefestivalen for barn skulle haldast i Bergen på søndag. Fleire truslar om trakassering og vald førte til avgjerda.

Leiar for Norgesprogrammet i Redd Barna, Monica Sydgård, ønskjer ikkje seie noko meir konkret om kva truslane går ut på, utover at dei har fått truslar frå enkeltmenneske om at dei skal stille opp på arrangementet for å trakassere og utøve vald.

Politimeldt

Til NTB seier ho at dei har samla det dei har fått av truslar, både gjennom sosiale medium og e-post, og delt dette med politiet.

– Ein av dei er så alvorleg at vi allereie har meldt det til politiet. Men vi har bede om ei vurdering om det er meir av dette som vi bør melde, seier Sydgård.

Dei opplever truslane som så reelle at dei vel å avlyse.

– Forjævlig

– Det er forjævlig at nokon kjem med så sterke truslar at Redd Barna ser seg nøydde til å avlyse arrangementet under Regnbogedagane, seier kulturministeren.

– Regnbogedagane er folkefest, ei feiring av mangfald og å vere den ein er. Eg skal til Regnbogedagane i morgon og gler meg til det, seier kulturminister Anette Trettebergstuen (Ap).

– Dei prøver gong på gong å true oss til å vere stille, men den kampen skal dei ikkje få vinne, seier Trettebergstuen.

Justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) jobbar med å få greie på kvifor pridefestivalen for barn i Bergen har vorte avlyst.

– Det er uakseptabelt at vald og truslar øydelegg for ei feiring som skal handle om glede, mangfald og fridom. I tillegg rammar det barn. Eg kjenner ikkje til kva dialog som har vore mellom Redd Barna og politiet, og undersøkjer dette no.

Det seier justisminister Emilie Enger Mehl til NTB etter at organisasjonen avlyste pridefestivalen for barn på grunn av truslar i helga.

Prioriterer tryggleik

– Alle arrangement i regi av Redd Barna skal vere heilt trygge for barn, og alle skal kjenne seg inkluderte. Vi kan ikkje risikere at barn møter opp på ein barnefestival i regi av Redd Barna og møter truslar, vald eller trakassering frå vaksne, seier Sydgård.

Ho seier dei hadde gledd seg til leik, moro og feiring av mangfald – og at det er trist at dei må avlyse.

– At vi avlyser arrangementet for å sikre tryggleiken til barna, betyr ikkje at vi lèt oss true til å teie. Truslane viser kor viktig det er å stå opp for rettane for barn som er LHBTI.


Regnboge-gata utanfor London Pub. Foto: Ingvild Eide Leirfall