Noreg rasar ned fem plassar på regnbogerangering – lågast i Norden
Konverteringsterapi, helsetilbod for transpersonar og terroråtaket er nokre av grunnane som blir peika ut.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I år går Noreg frå ein 4. til 9.-plass i den europeiske rangeringa over likestilling for LHBTI-personar som Rainbow Europe publiserer på vegner av paraplyorganisasjonen ILGA Europe.
Kvart år kjem dei med ei oversikt over korleis det står til med LHBTI-personar i forskjellige land i Europa som ein del av regnbogekartet sitt.
Med den nye plasseringa er Noreg lågast i Norden, med Danmark på 2., Island på 5., Finland på 6. og Sverige på 8.-plass.
Terroråtak og potensial for betring
– Dette er eit dramatisk fall for eit land som ønsker å ligge i front når det gjeld skeive rettar, seier Inge Alexander Gjestvang, leiar i Fri, i eit innlegg på Instagram frå foreininga.
I oversikta blir det peikt på fleire måtar Noreg kan betre seg på rangeringa.
Hovudpunkta er:
- Kome med eit lovforbod på såkalla «konverteringsterapi».
- Utarbeide eit juridisk rammeverk som inkluderer ein ikkje-binær eller tredje kjønnskategori.
- Sikre tilgang til eit desentralisert helsetilbod spesifikt for personar som er trans og intersex.
Terroråtaket i juni i fjor, og dei følgjande oppmodingane om å avlyse Pride-arrangement blir også eksplisitt nemnd i rapporten over fjoråret. Det er ein av grunnane til at Noreg får ein lågare score.
Malta på topp og Aserbajdsjan på botn
Oversikta vekter sju forskjellige kategoriar og gir land ein score ut frå kor godt dei gjer det i kvar kategori. Noreg fekk ein score på 67 prosent.
Ifølgje den nye lista ligg Malta (89 %), Belgia (76 %) og Danmark (75 %) på toppen. Aserbajdsjan (2 %), Tyrkia (4 %) og Armenia (8 %) ligg på botnen.
Rangeringa
- Malta
- Belgia
- Danmark
- Spania
- Island
- Finland
- Luxembourg
- Sverige
- Noreg
- Frankrike
- Portugal
- Montenegro
- Hellas
- Nederland
- Tyskland
- Irland
- Storbritannia
- Kroatia
- Austerrike
- Sveits
- Slovenia
- Bosnia-Hercegovina
- Moldova
- Andorra
- Estland
- Serbia
- Kosovo*
- Albania
- Kypros
- Slovakia
- Ungarn
- Nord-Makedonia
- Tsjekkia
- Italia
- Georgia
- Litauen
- Latvia
- Liechtenstein
- Ukraina
- Bulgaria
- Romania
- Polen
- San Marino
- Monaco
- Belarus
- Russland
- Armenia
- Turkey
- Aserbajdsjan
*per Tryggingsrådet til FN sin resolusjon 1244/99