Regjeringa vil lovfeste at lærarar kan gripe inn fysisk mot elevar

Nynorsk Pressekontor
Publisert

Lærarar skal få lovfesta rett til å bruke fysisk makt mot elevar for å hindre at nokon blir skadde. Det foreslår kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap).

– Vi foreslår å lovfeste at tilsette i skulen kan gripe inn fysisk mot elevar for å hindre skade på personar eller vesentleg skade på eigedom, seier Brenna i ei pressemelding.

Det skal stillast krav til maktbruken, og dessutan vere reglar om førebygging, dokumentasjon og meldeplikt når makt blir brukt.

– Norsk skule skal vere ein stad der barn og unge får utvikle seg i ein trygg fellesskap. Lærarane i klasserommet skal vere trygge på kva handlingsrom dei har når det oppstår situasjonar der elevar står i fare for å skade seg sjølv eller andre, seier kunnskapsministeren.

Dagens opplæringslov inneheld ingen reglar om når ein tilsett kan gripe inn fysisk, sjølv om det oppstår situasjonar der tilsette i skulen bruker fysisk makt.

Det har skapt uvisse, og det har, opplyser departementet, komme fleire oppmodingar om å regulere dette.

Kortvarig og skånsamt

Kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap). Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB / NPK

Det skal stillast krav til at måten det blir gripe inn på, skal vere så kortvarig og skånsam som mogleg.

– Til dømes kan ein lærar halde elevar fast for å bryte opp ein slåstkamp, men grepet skal ikkje vere sterkare eller vare lengre enn det som er nødvendig for å hindre skaden. All form for fysisk maktbruk overfor barn som har karakter av avstraffing, er straffbart, skriv regjeringa.

– Tydelegare reglar vil ikkje i seg sjølv løyse problema med utagerande åtferd i skulen. Men reglane vil vere éin del av løysinga ved at det styrkjer rettstryggleiken til elevar og tilsette i situasjonar der det er nødvendig å gripe inn fysisk, seier Brenna.

– Siste utveg

– Å gripe inn fysisk skal vere siste utveg, og eg trur ingen lærarar ønskjer å komme i slike situasjonar. No skal skuleeigar jobbe endå meir systematisk med førebygging, seier Brenna.

Viss vilkåra i lova for å bruke fysisk makt er oppfylt, vil ikkje hendinga kunne reknast som ei krenking av eleven etter skulemiljøreglane.

– I tillegg må vi jobbe for å kople skulen og hjelpetenestene tettare saman. Utagerande åtferd hos elevar har samansette årsaker, seier Brenna.

Viss det blir brukt fysisk makt mot ein elev, må det dokumenterast i ettertid, heiter det i forslaget. Det skal givast ei kort beskriving av situasjonen og kva synet til eleven er.

– Dokumentasjon er viktig for rettstryggleiken til elevane og dei tilsette. Samtidig må ikkje dokumentasjonskrava bli for tidkrevjande i praksis, seier Brenna.

Må melde frå

Ein lærar som har gripe inn fysisk, skal melde frå til rektor, som så skal informere føresette. Ved fleire eller svært alvorlege situasjonar skal skuleeigar varslast.

Regjeringa skriv at dei må opne for nokre skjønnsmessige vurderingar i lovteksten. Dei skal lage rettleiingsmateriale om regelverket.

– Eg er oppteken av at skuleleiarane skal få tid og bistand til å jobbe godt med sine tilsette for å implementere dette på ein god måte. I tillegg vil vi sjå på korleis reglane fungerer i praksis, og vi er opne for å justere etter kvart, seier Brenna.

Forslaget til regulering av fysisk makt i opplæringslova og privatskulelova skal etter planen gjelde elevar som får leksehjelp og i skulefritidsordninga, elevar i grunnskulen og på vidaregåande.

Forslaget blir no sendt ut på høyring. Dersom det blir vedteke av Stortinget, kan det tre i kraft 1. august 2024.


Kollasj med skjermdump frå TikTok-kontoen som påstod å ha lekka eksamensoppgåver.