Ønsker å forby lekser i helgene for filippinske barn
Sam Verzosa, medlem av representantanes hus i Filippinene, meiner at landet er i ei «utdanningskrise».
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Dei unge filippinarane er overarbeidde, og likevel henger Filippinene etter andre land, sa Sam Verzosa i ein kommentar til lokale medium.
Han refererer til den internasjonale rangeringa, Programme for International Student Assessment. I 2018 rangerte dei Filippinene lågast av 79 land, når det kom til lesing. Filippinene kom også på nest siste plass i naturfag og matematikk. Det skriv den britiske avisa The Guardian.
No føreslår Verzosa at myndigheitene skal forby skular å sette opp lekser i helgene.
For låg læringsproduktivitet
I lovforslaget til Verzosa står det blant anna: «Problemet er at elevane har for mange skuletimar som har låg læringsproduktivitet. Når dei går heim, er dei framleis stabla opp med lekser, trass i at ekspertar seier at éin time med lekser er nok».
Vidare står det at han ønsker at lærarar i grunn- og vidaregåande skule ikkje skal gi lekser eller oppgåver i helgene. Lekser skal berre føregå i vekedagane, og det skal ikkje ta meir enn fire timar i veka for å fullføre desse.
– Elevane trenger tid til å kvile og lade opp, seier Verzosa.
Han er redd for at lekser er med å forverre skiljet mellom rike og fattig studentar i Filippinene, både fordi enkelte har deltidsjobbar, medan andre ikkje har internett.
10 timar på skulen kvar dag
Skulesystemet i Filippinene har slite etter koronapandemien. Pandemien gjorde at fysisk skuleundervisning vart stoppa i to år. Som ein konsekvens av dette har elevane kome på etterskot.
Det er stor variasjon i antal skuletimar frå by til bygd i Filippinene. I snitt brukar dei i byen seks timar på skulen kvar dag, medan bygdene ligg på ti timar.
I den nasjonale hovudstadsregionen har nokon skular innført skift, som startar klokka 06:00. Dette blir gjort for å handtere overbefolkning og mangel på kapasitet i klasseromma.
- Les også: 6 tips for mindre stress i eksamenstida