Slik kan du kaste mindre frukt og grønt

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nest etter brød og bakarvarer er det frukt og grønt norske forbrukarar kastar mest av.

Mykje av maten som blir kasta er fullt etande, men mange kjenner seg usikre på kvar grensa går og kva ein kan gjere med restar og det som ikkje lenger ser like friskt ut.

Iselin Bogstrand Sagen er ernæringsrådgjevar.
Foto: OFG

– Ifølgje undersøkingar veit dei fleste at ein ikkje skal ete mugg, men heile 53 prosent oppgir at dei kjenner seg usikre på kva matvarer som kan etast etter å ha fjerna muggen eller det som er ròte.

Det seier ernæringsrådgivar Iselin Bogstrand Sagen frå Opplysningskontoret for frukt og grønt (OFG).

Ho trur kunnskap kan få fleire til å kaste mindre, og når det gjeld frukt og grønt har ho nokre enkle hugsereglar som ein kjem langt med.

10 råd om frukt og grønt:

🧅 Løk

Mugg på skalet rundt løken? Ta bort skalet og et resten.

Litt mugg på løk utan skal? Skjer bort med god margin og et resten.

Veldig mykje mugg på løk? Kast.

Berre brukt ein halv løk? Pakk inn delen du skal ta vare på med plastfolie og bruk innan få dagar så lenge han ser og luktar friskt.

🍎 Eple

Skade eller ròte på eplet? Skjer bort og et resten.

Ròten kjerne på eplet? Kast.

🥔 Poteter

Poteter med nokre få små spirar? Skjer bort spirene og et.

Mykje spirar? Kast.

Grøne poteter? Dei skal alltid kastast – det hjelper ikkje å skrelle vekk det grøne.

🥕 Gulrot

Gulrot med mjuk eller blaut tupp? Skjer bort med god margin og et.

Gi ho eventuelt eit kaldt vassbad dersom ho ikkje er like sprø lengre og skal brukast rå. Kan også brukast i gryter, supper, mos, bakst osb.

🥗 Salat

Slapp salat med nokre ròtne blad? Ta bort blada som er dårlege, gi resten eit kaldt vassbad og et.

🥦Brokkolien

Litt gult på brokkolien? Gulfargen kjem av at klorofyllet blir brote ned, og er heilt ufarleg. Ta bort det gule og et resten.

Blomkål

Svarte flekker på blomkål? Ta bort og et resten.

🥒Agurk

I agurk kan mugg spreie seg raskt, agurk med mugg på skal derfor kastast.

Er den berre litt blaut ein stad kan dette skjerast bort og resten kan brukast raskt etterpå.

🍅 Tomat

Til liks med agurk må også tomatar med mugg kastast. Eit godt tips er å bruke godt modne tomatar i ein tomatsaus før dei blir dårlege.

Klementin

Muggen klementin med hol i skalet – kast.

Berre litt mugg utanpå skalet utan at det har gått igjennom? Ok å ete, men sannsynlegvis ikkje god.


Les også: Susanne reddar mat på TikTok: – Å vera matreddar er veldig lett!

Matsvinn står for opptil ti prosent av klimautsleppa i verda. Matreddar Susanne Nordvang Nesse frå Bømlo er aktiv i sosiale medium i kampen mot matsvinn.

Matsvinn står for opptil ti prosent av klimautsleppa i verda. Matreddar Susanne Nordvang Nesse frå Bømlo er aktiv i sosiale medium i kampen mot matsvinn. Foto frå TikTok