NSO-leiar Oline Sæther ser opp til Jenny Skavlan

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

– Me må møta morgondagens utfordringar, òg ukjent teknologi, med ei offensiv tilnærming, ikkje lukka augo og håpa at utfordringane forsvinn av seg sjølv, skriv Oline Sæther i ein e-post til Framtida.no.

Medisinstudenten frå Skiptvet i Østfold vart vald til leiar i Norsk Studentforening på årsmøtet i april.

Det betyr at leiaren for studentparlamentet ved Universitetet i Oslo tek over stafettpinnen for Maika Godal Dam og skal bruka det neste året på å kjempa for sine medstudentar.

Ho er nøgd med at studentane på årets landsmøte gjekk inn for tydelege rettesnorer for korleis kunstig intelligens kan takast inn i akademia og studieprogramma.

Økonomisk kamp

Under landsmøtet i april diskuterte NSO kravet om å auke studiestøtta, som framleis står fast.

– Studentar skal ha tid til å studera, uansett kven dei er og storleiken på lommeboka. Difor må studiestøtta aukast!

– Du vaknar opp i morgon til din draumenyheit: Kva er overskrifta?

– «Studentane får 1.5 G» ville vore ei nydeleg overskrift. Då hadde eg nok felt ei tåre eller ti, som den lettrørte personen eg er, svarar 27-åringen.

Det betyr at NSO si viktigaste kampsak om å auka studie støtta til 1,5 gongar grunnbeløpet frå NAV står fast.

– Ola Borten Moe seier at «vi går tom for folk før vi går tom for pengar» og då er det berre rett og rimeleg at studentane får ein økonomi som gjev dei høvet til å tileigna seg kunnskapen samfunnet så sårt har behov for, understrekar ho.

Skulepengar, lokalval og Jenny Skavlan

I tillegg kjempar studentorganisasjonen mot innføringa av skulepengar for internasjonale studentar og vil setja studentpolitikk på agendaen under valet til hausten.

– Lokalvalet vil påverka korleis kommunane og fylkeskommunane legg til rette lokalt for studentvelferd. Vi skal sette studentpolitikk på agendaen fordi god studentpolitikk tener heile samfunnet.

Sæther håpar å vera ein uredd leiar som står i front for politikken NSO har vedteke.

– Som personleg førebilete ser eg opp til Jenny Skavlan. Ho brenn for å sikre systemendring i klesindustrien til det beste for miljøet, samtidig som ho er livleg og med masse personlegdom, meiner Sæther.

Jenny Skavlan har vore dommar i NRK-programmet «Symesterskapet» og profilert seg som ein berekraftig moteprofil. Foto: Julia Marie Naglestad/NRK

Om ho skulle invitert ein person til middag – anten det er nolevande eller ikkje – måtte motedronninga trådd til side for dronning Sonja, som Sæther trur hadde vore triveleg selskap.

Dronning Sonja i kvit kjole

Hennes Majestet Dronning Sonja, fotografert i høve 30-årsdagen for signinga, 23. juni 2021. Foto: Jørgen Gomnæs, Det kongelege hoff

– Trur eg hadde servert god gamaldags fredagstaco og forhåpentlegvis snakka om historier frå hennar liv. Eg trur ho hadde hatt mykje spanande å fortelja.

Nyhetsmorgen, Instagram og tonedøvt kor

Studentleiaren held seg oppdatert med å høyra på Nyhetsmorgen på radioen, men utover dagen kan Instagram vera ein stor tidstjuv.

– Eg er definitivt avhengig. Difor har eg bevisst valt å aldri kome meg på TikTok, fordi då hadde eg ikkje hatt tid igjen i kvardagen min.

I tillegg til verv i studentpolitikken, mellom anna som leiar av studentparlamentet i Oslo, har Sæther tid til andre fritidssyslar.

– Eg syng i eit kor for studentar som ikkje kan synga. Vi har til og med skriftleg opptak, så musikalitet er ikkje akkurat ein prioritet. Det er ein veldig hyggeleg gjeng som først og fremst finn på mykje gøy saman.

Engasjerte studentar

– Vi studentar har ambisjonar på vegner av landet vårt; vi vil ha et berekraftig og inkluderande samfunn, der alle kan studera og vi kan være trygge på klima og miljø blir varetatt for kommande generasjonar, understrekar Sæther.

Den påtroppande NSO-leiaren elskar å jobba saman med andre for finna løysingar på problem.

– Eg har òg vanskar med å seia nei til ei utfordring. Eg meiner alt kan løysast så lenge ein tenkjer kreativt og ikkje gir seg. Og tek tida til hjelp då, ting tek jo òg ofte litt tid.

Studentleiarhjartet bankar ekstra hardt når ho tenkjer på at utdanning faktisk er ein menneskerett.

– Alle skal ha høve til å studera, uavhengig av kven du er og kor du kjem frå. Studiestøtta er heilt essensiell for å sikra denne retten, og difor er det den viktigaste saka for studentrørsla.

– Kva er idealsamfunnet og korleis skal vi nå det?

– For meg er idealsamfunnet et samfunn med plass til alle og der alle har like moglegheiter. Like moglegheiter betyr ikkje nødvendigvis same løysing for alle, men at alle får de beste moglegheitene gitt sin bakgrunn. At alle kan delta i demokratiet og ha reell medverking over sin kvardag er viktig for at alle skal være inkludert og oppleva at det er plass til dei.

– Kva for ei bok burde alle lesa? Kvifor?

Skammarens dotter, mi favorittbok frå barndommen saman med Harry Potter. Skriven på nynorsk og mykje av grunnen til at eg gjorde det heilt ok i nynorsk på skulen.

– Kva serie er ditt beste tips akkurat no?

 Elskar Kompani Lauritzen!

– Kva låt får deg alltid i godt humør?

Å sykla rundt i Oslo på bysykkel er rein glede. Med ein song frå Sigrid på øyret kan eg bli reint euforisk.


Ung kvinne i kvit t-skjorte og kollasj med Else Kåss Furuseth i badekar med ostepop og doughnut

Foto: Press / NRK, kollasj Framtida.no

Oline Sæther

Alder: 27

Personleg pronomen: ho

Frå: ein gard i Skiptvet i Østfold

Yrke/utdanning: Studerer medisin ved UiO

Favorittfag på skulen: Matte

Ulike verv: Førstehjelpsundervisar i ei medisinstudentforening, seksualundervisar på ungdomsskulen i ei medisinstudentforening, medstiftar i koret for studentar som ikkje kan synga

Medlem i: CISV, ein religiøs og politisk uavhengig organisasjon som jobbar for fredsutdanning for barn og unge, Nei til atomvåpen, Medicinernes skiklubb Svartor