Polarinstituttet endrar tre stadnamn på Svalbard etter rasismeklagar

Norsk polarinstitutt endrar tre stadnamn på Svalbard etter at dei har fått kritikk for å vere rasistiske.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det fekk stor merksemd denne veka då Antirasistisk Front gjekk ut med kritikk av stadnamna Negerpyntet, Negerfjellet og Negerdalen.

Namna kjem frå den svarte fargen på fjella og er omsett frå engelske negro.

– Namnekomiteen vår har jobba godt. Eit notat frå dei vart behandla i går, og komiteen har fått i oppdrag å lage eit forslag til nye namn i mai, seier kommunikasjonsdirektør Pål Jakobsen i Norsk Polarinstitutt i ein e-post til Utrop.


Barn i kvite drakter

Foto: AP Photo/Daniel Cole