Livet på Svalbard er annleis etter invasjonen av Ukraina

Visit Svalbard rår medlemsbedriftene sine frå å legge att pengar i den russiske gruvebyen Barentsburg på Svalbard etter invasjonen.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Få norske samfunn merka den russiske invasjonen av Ukraina betre enn Svalbard. Den norske øygruppa i Arktis husar ei russisk busetning, i tillegg til innbyggjarar frå over femti andre land. Felles for dei alle er at dei er underlagt ein heilt annan politikk enn i resten av Noreg.

– Her oppe på Svalbard har vi store diskusjonar som eg trur få på fastlandet kjenner til. Mellom anna gjeld ikkje utlendingslova og norsk sosiallovgiving her oppe, seier Line Nagell Ylvisåker til Nynorsk pressekontor.

Ylvisåker, som har vore busett på Svalbard i ei årrekke, kom nyleg ut med boka «Annleislandet Svalbard. Små liv i storpolitikken». I innleiinga skildrar ho sjølv boka på denne måten:

«Dette er ei bok om eit heilt spesielt samfunn, om lover og reglar som ikkje gjeld, om kva det gjer med menneska som har valt å kalla dette heime, i alle fall for ei stund.»

Heile verda på Svalbard

I boka møter Ylvisåker ei rekke ulike innbyggjarar på Svalbard. Møte med menneska med vidt forskjellige bakgrunnshistorier brukar ho som ein raud tråd for å vise fram det store bilete av det spesielle samfunnet langt nord.

– Heilt sidan eg kom hit har eg latt meg fascinere av folket og samfunnet her. At folk kan komme frå heile verda utan visum og opphaldsløyve for å arbeide her er spesielt. Eg var nysgjerrig på dei folka, seier Ylvisåker.

Blid kvinne i snølandskap

Journalist Line Nagell Ylvisåker debuterer no som forfattar med boka «Verda mi smeltar». Foto: Samlaget

Ho forklarer at Svalbard sjølv for ein nordmann er eksotisk og annleis.

– Eg visste ikkje kva Svalbard var før eg kom hit. Eg syntest det var eit stort skritt å reise hit første gong. Korleis er det då for dei som kjem frå andre sida av kloden – frå tropiske strøk til kalde nord, spør ho retorisk.

Ei av dei største innbyggjargruppene på Svalbard er thailendarar. Ylvisåker har mellom anna snakka med ei jente frå Thailand som kom til Svalbard då ho var fem år, no er ho vaksen og skal til med studiar.

– Ho er på mange måtar blitt norsk, men har ikkje rett til å bu i Fastlands-Noreg. Ho har store utfordringar når ho for eksempel skal søke universitet i Noreg. Ho må ha visum og ein ganske høg sum pengar for å få studere. Ho veit ikkje om ho vil kunne få opphaldsløyve. Etter kvart har det blitt mange som henne – ungdommar som kjem frå land utanfor EU og EØS til Svalbard. Dei hamnar på mange måtar i ein blindveg der dei ikkje har tilgang til resten av Noreg, men heller ikkje har noka tilknyting til landet dei opphavleg er frå.

Russiske naboar

To andre folkegrupper med mange innbyggjarar på Svalbard er russarane og ukrainarane. I gruvebyen Barentsburg har dei budd tett på kvarandre i fleire tiår, og kontakten mellom dei og innbyggjarane i Longyearbyen har òg vore god lenge, men etter invasjonen i fjor har det endra seg.

– Det er fleire som har flytta frå Barentsburg til Longyearbyen etter invasjonen. Til liks med reiselivet i Longyearbyen hadde også reiselivet i Barentsburg teke seg veldig opp fram mot invasjonen, men då blei det brått ein stopp der. No rår også Visit Svalbard medlemsbedriftene sine frå å legge att pengar i den russiske gruvebyen, seier Ylvisåker.

Barentsburg vintertid

Barentsburg på Svalbard har hovudsakleg russiske og ukrainske innbyggjarar. Truleg er det ingen andre stadar i verda kor desse folkegruppene bur så tett på kvarandre. Foto: Berit Roald / NTB/ NPK

Trass i at eit tett forhold mellom busetnadane i dei to småbyane fekk eit skot for baugen med invasjonen er det framleis kontakt på nokre plan. Den norske sysselmeisteren i Longyearbyen og russiske leiarar i Barentsburg har framleis møte, men også vanlege folk møtes på ulike arenaer, slik det også var under den kalde krigen.

– Vi har framleis idrettsutveksling og det har vi hatt fleire gonger etter at krigen starta. Det er vi kanskje dei einaste i Noreg som har no. Idrettsutøvarar frå begge byar deltek i ulike tevlingar. Folk treffest sjølv om det er harde frontar mellom dei på toppane. Det er viktig for Noreg og verda at Svalbard er eit roleg og stabilt område. Øygruppa er strategisk viktig og det kjem ekstra godt fram i dagleglivet no som verdssituasjonen er slik den er.

Ikkje eit livsløpssamfunn

Også folk frå Fastlands-Noreg har eit annleis liv på Svalbard enn dei ville hatt om dei ikkje hadde reist nordover.

– Longyearbyen er ikkje eit livsløpssamfunn. Eg veit at eg ikkje kan bu her heile livet. Viss eg blir sjuk eller treng hjelp må eg få det gjennom kommunen min på fastlandet. Eg har mine rettar i Sogndal kommune – der har eg fastlegen min og det er heimkommunen eg må stelle meg til om det skulle skje, seier forfattar Ylvisåker.

Det same gjeld for borna hennar.

– Ungane har aldri budd der, men sikkerheitsnettet deira er der, legg ho til.

Line Nagell Ylvisåker vil ikkje ta stilling til om det er rett eller feil at reglane på Svalbard er slik dei er.

– Eg vil ikkje ha sterke meiningar verken for eller mot. For det er jo ein grunn til at ting er som dei er. Eg trur likevel det er viktig at mange får ei bevisstheit om kva Svalbard er, korleis reglane er her, korleis vi behandlar dei som bur her og om det burde vere sånn, avsluttar ho.


Alle som ferdast utanfor busetnaden i Longyearbyen lyt ha med seg noko som kan skremme isbjørn. Foto: Bente Kjøllesdal