Rekordmange unge tek kontakt med hjelpeapparatet fordi dei er redde for at foreldra skal sende dei til utlandet mot deira vilje, ifølgje regjeringa.
Dei sender no brev til alle kommunane i landet, fylkeskommunar og statsforvaltarar for å be dei om å vere merksame på dette – særleg før sommarferien.
Arbeider mot negativ sosial kontroll
– Å få bukt med at barn og unge ikkje blir utsette for negativ sosial kontroll er eitt av hovudmåla til regjeringa for integreringa. Ingen skal oppleve vald og overgrep eller å bli halden igjen mot sin vilje i utlandet, seier arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen (Ap).
Det er sentralt at alle som kjem i kontakt med barn og unge, følgjer med og melder frå til barnevernet viss dei er bekymra, oppmodar barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).
Viktig med førebygging
Ambassadane står klare til å hjelpe dersom noko skulle skje, men det er avgrensa kva norske styresmakter kan gjere dersom utsette personar ber om hjelp i utlandet. Det gjeld både om dei er norske statsborgarar eller har lovleg opphald i Noreg.
– Førebygging heime i Noreg er viktig. Vi må gjere det vi kan for at det ikkje skal skje. For dersom ein norsk borgar treng hjelp i eit vertsland, må Noreg ta omsyn til lovene og reglane i det landet, seier utanriksminister Anniken Huitfeldt (Ap).
