Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 29.01.2024 12:01

– Dagane var lange, men fylt av musikk heile tida. Akkurat som livet mitt i dag! skriv Kim Wigaard i ein e-post til Framtida.no.

Wigaard har fått mykje merksemd på grunn av NRK-suksessen Demenskoret, der han er dirigent. I tillegg vert artisten snart å sjå som programleiar i Ungkaren på TVNorge og discoverey+.

Som 20-åring turnerte Kim Wigaard i Sør-Korea. Foto: Privat

På veg mot eit innhaldsrikt liv

Men det er musikk som er Wigaard si kjerneverksemd. I 2008 var Wigaard 20 år gamal og utdanna seg til songar ved Musikkhøgskolen i Oslo.

– Det var eit bra studentmiljø i Oslo og vi hadde det SÅ mykje gøy! minnest 35-åringen.

Som 20-åring var Wigaard viss på at han ville syngja og driva med musikk.

– Har alltid hatt ein tanke om at brenn du nok for noko vil aldri jobben din bli keisam. Sånn er det med musikken i dag, som eg lever av. Difor kan eg jobba MYKJE.

– Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

– Eg ville tenkt at du har heile livet framfor deg og at du er på riktig veg til å få eit innhaldsrikt og spennande liv!

Mariah Carey + Nick Cannon = SANT

– Hugsar du kva som skjedde elles i verda?

– Eg hugsar at eg var på turné i Sør-Korea, Mariah Carey gifta seg med Nick Cannon og at Barack Obama blir president i USA! Jippi! Eg hadde draumar om å flytta til New York, så dette lova bra!

Ikkje overraskande lytta Wigaard ein del til nemnde Mariah Carey. I tillegg vart Cecilie Bartoli, Michael Bublé og Mozart hyppig spelt.

Kim Wigaard på tur med hunden. Foto: Privat

Den store nyheita

– Kven var den viktigaste personen i livet ditt og kvifor?

– På dette tidspunktet var det mamma fordi ho var så trygg og ønskte at eg skulle leva livet mitt fullt ut ved å følgje draumane mine og ta ei solid utdanning.

Det aller sterkaste minnet frå året han var 20 var på sjølvaste 20-årsdagen. Då fortalde Wigaard nemleg foreldra sine at han hadde fått seg kjærast. Og at det var ein gut.

– Det var stort og vanskeleg for meg å fortelja at eg var homofil, minnest 35-åringen.

– Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

– Sjølvtilliten din ligg i det du brenn for og den du er. Den kjem til å bli betre og betre når du er trygg i deg sjølv.

– Ingen kjem til å hugse deg for om du vog 10 kg for mykje eller hadde nokre kviser. Dei kjem til å hugsa deg for det mennesket du ER, den kjærleiken du vel å gje til alle rundt deg, dei menneska du SER og LYTTAR til når ingen andre gjer det, og dei verdiane du vel å leva.


Glade ungdommar poserer i gruppe

Rima Iraki (i kvit singlet i midten fremst) storkoste seg under studietida i Australia. Foto: Privat