Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 29.01.2024 12:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg var nøgd med livet, og grua meg eigentleg til eg skulle bli ferdig med studia. Det å gå ut i arbeidslivet verka skummelt. Å gå på universitetet var trygt.

Slik hugsar journalist og programleiar Rima Iraki (40) tilværet som 20 år gamal student i Brisbane, Australia.

Frå Australia til nyheitene

Rima Iraki har vorte eit kjent fjes for både unge og gamle, og formidlar nyheiter både på TV og på TikTok.

Du har heilt sikkert sett ho som nyheitsanker på Dagsrevyen eller Urix i NRK, eller kanskje har du fått med deg Festen etter fasten, som vann Gullruten for årets nyskaping i 2021.

Smilande kvinne framfor kvit vegg

Nyheitsanker og programleiar i Urix Rima Iraki. Foto: Joakim Pedersen/NRK

Tidleg på 2000-talet hadde Rima Iraki pakka sekken og reist heilt til den andre sida av kloten for fire år for å studera journalistikk og internasjonale relasjonar.

Målet hennar var å bli journalist, reise verda rundt og laga dokumentarar.

– Det var sjølvsagt behageleg å bu i eit varmt klima. Men studentlivet i Australia var faktisk hardare enn mange trur. Det blei nokre turar på stranda, men òg veldig mykje hardt arbeid, skriv Iraki i ein e-post til Framtida.no.

Glade ungdommar poserer i gruppe

Rima Iraki (i kvit singlet i midten framme) storkoste seg under studietida i Australia. Foto: Privat

Skodespelarar i nyheitene

På universitetet var det krav om å levera inn oppgåver og essay gjennom heile semesteret.

– Det gjorde at du måtte vera på heile tida. Så kvardagane gjekk stort sett i å gå på skulen, lesa, jobba med oppgåver, trena og henga med vener.

Sidan ho studerte journalistikk blei det mykje nyheiter på TV i 2003.

– Usikker på korleis det er no, men på den tida var det vanleg å tilsetta skodespelarar til å lesa nyheiter på TV. Ganske fascinerande. Vi såg også på australske Big Brother og Idol.

Ho hugsar ikkje 20-årsdagen, men det sterkaste minnet var at Rima Iraki det året opplevde si første kjærleikssorg.

Work hard, play hard

– Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

– Eg hadde nok tenkt: «Hei, du er gøy. Skal vi bli vener?» 

– Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

– Ikkje uroa deg over alt som kan gå gale her i livet. Det er bortkasta tid. Og ikkje gløym å ha det gøy. Work hard, play hard.


Zeshan Shakar fotografert som ung og vaksen

Zeshan Shakar reknar med han er litt yngre enn 20 år på biletet til venstre. Foto: Privat og Erika Hebbert/Gyldendal