Magnus Rotevatn
Publisert
Oppdatert 05.05.2023 09:05

Alice Osemans Hjertestopper har blitt ein eigen franchise med ein trufast fanskare. Foreløpig finst det fire teikneseriealbum, ei fargeleggingsbok, massevis av innhald på internett – og ikkje minst ein Netflix-serie.

Men før alt dette skreiv Oseman boka Nick og Charlie om dei same hovudpersonane som me møter i Hjertestopper. No gjev Gyldendal ut denne korte romanen på norsk.

Dersom ein allereie elskar Hjertestopper-verda – og lengtar etter meir tid med dette kjærasteparet – er det ingen grunn til at ein ikkje kjem til å lika Nick og Charlie òg. Men om ein enno ikkje er blitt biten av basillen, finst det nok betre lesestoff.

Lite dramatikk

Nick og Charlie handlar om nettopp Nick og Charlie. Dei er kjærastar. Til no har forholdet vore knirkefritt, men Nick skal snart flytta for å studera. Charlie, som enno har eit år igjen på skulen, må derimot bli igjen heime.

Og mykje meir dramatikk enn at tanken på avstandsforhold er litt skummel finst ikkje i denne boka.

Ganske så tamt, synest no eg. Handlinga blir føreseieleg, og med forholdet til Nick og Charlie som einaste drivkraft skjer det ikkje nok til at forteljinga blir interessant.

Der Romeo og Julie sin kjærleik set ei heil verd og liva til hovudpersonane i fare, er utfordringane til Nick og Charlie meir kvardagslege. Men dersom ein fan og berre vil ha endå meir av Nick og Charlie går det vel kanskje an å leva i kvardagen òg?

Lettfordøyeleg språk

Språkføringa er munnleg og lettfordøyeleg. Det er aldri langt til neste punktum, og stilen minner meir om ei dagbok enn ein typisk romantekst. Referansar til kul musikk er viktigare enn stilige metaforar.

Omsetjinga er god, men ikkje heilt utan sand i maskineriet. Den britiske konteksten som Nick og Charlie lever i er så velkjend gjennom populærkulturen at det er klønete å erstatta alle engelske ord med norske. Den beste omsetjinga av «cheerleader costume» er nok «cheerleader-drakt» og ikkje «heiagjengkostyme».

Bokomslag og terningkast. Meldaren gir boka eit samla terningkast 3.

Framifrå illustrasjonar

Oseman har sjølv illustrert Nick og Charlie. Og det har ho gjort heilt meisterleg. 

Streken hennar er sukkersøt og mild – perfekt for ei kjærleikssoge.

Tekst og teikningar er samanvovne på skikkeleg vis. Til dømes så spelar bilete som Nick og Charlie tek av kvarandre ei viktig rolle i handlinga – noko som blir utnytta i illustrasjonane. 

Saman skapar ord og teikningar eit univers som er større enn delane kvar for seg.


Herman Østby (21) vann Framtida, Magasinett, Moster 2024, barne- og ungdomsbokfestivalen Falturiltu, Forlaget Kapabel og Barnebokkritikk sin skrivekonkurranse i kategorien novelle. Foto: Privat

Nick og Charlie

Originaltittel: Nick and Charlie

Forfattar: Alice Oseman

Omsetjar: Gunnhild Magnussen

Forlag: Gyldendal

Utgjeve: 2023

Sjanger: Roman