Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er kanskje den beste underhaldninga for å trene empati. Det er ikkje alltid ein er einig, men i litteraturen øver ein seg på å få eit blikk inn i personar sitt hovud og kjensleliv, samanlikna med seriar der ein alltid er tredje person.

Herman Østby er lektorstudent i historie og nordisk med eit brennande engasjement for både lesing og skriving.

Førsteplass i skrivekonkurranse

21-åringen frå Larvik si novelle fekk førsteplass i sin sjanger i skrivekonkurransen med tema heim. Konkurransen er eit samarbeid mellom Framtida.no, Magasinett, barne- og ungdomsbokfestivalen Falturiltu, Moster 2024, Kapabel Forlag og Barnebokkritikk.no.

Juryen skreiv i si grunngjeving at:

«Herman Østby viser god kjennskap til annan litteratur og utfordrar normene for novella. Teksta ser nytt på tematikken heim med ei springande skildring av lausriving frå heimen. Resultatet er ei kreativ og poetisk novelle med ulike perspektiv, som utfordrar lesaren.»

Konkurransen opna opp for både noveller, dikt, sakprosa, teikneseriar og foto. Herman Østby er den første vinnaren som er annonsert.

Overhøyrde samtale

På telefon til Framtida.no fortel Herman Østby at novella var inspirert av ein samtale han høyrde på kollektivtransport der ein far snakka høgt om sonen sine pengeproblem.

Med fokus på pengar som statussymbol, freista han å fortelja ei historie om framandgjering mellom far og son.

– Målet er å skriva og eksperimentera med nye perspektiv med fokus på maskulinitet, korleis ulike generasjonar med menn behandlar kvarandre, kvinner eller samfunnet – patriarkatet, som er skadeleg for alle inkludert dei sjølve.

– Det var anten dette eller å finne Jon Fosse daud i Grotten. Fokuset var å eksperimentera med perspektiv og synspunkt, forklarar Østby, som drøymer om å ein gong gje ut ein roman.

– Det er berre underhaldning

Lektorstudenten er oppteken av at barn ikkje skal miste skrive- og lesegleda, men sjå at det kan vera underhaldande og kreative hobbyar.

Herman Østby har likevel ikkje alltid vore ein lesehest, og fortel at det først var i tiandeklasse at han vart biten av lesebasillen. Boka som endra det var sci-fi-romanen Drømmer androider om elektriske sauer? av Philip K. Dick, som i filmversjon vart klassikaren Blade Runner.

Gif frå kultklassikaren Blade Runner (1982):

– Ein må slutte å sjå på litteratur som noko smartare eller betre enn film og musikk. Det er berre underhaldning, lett og deilig underhaldning, sjølv om det kanskje krev litt meir, seier Østby.

Grenselaus fantasi

Han meiner mange gutar er vande med kulturprodukt som krev mindre innsats, som til dømes videospel som er enkle å leva seg inn i. 

Han har deler fem lesetips med Framtida sine lesarar, som kan gje ein pause frå på til dømes seriar som Game of Thrones.

– Med din eigen fantasi er du ikkje bunde av falske venleiksideal. Det som er gøy med litteratur er at det kan vera korleis du vil fordi alt er inne i hovudet ditt.


Har du lyst til å lese meir? Her kan du lese bokmeldingar og her kan du bli betre kjent med ei rekkje forfattarar!

BOKTIPS: Simon Cabot tipsar om fleire gode bokseriar. Foto: Malene Ruhs Langåker / kollasj Framtida.no