Rapport: Ein av fem blir utsett for uønskt seksuell merksemd på jobb

Nynorsk Pressekontor
Publisert

– Hovudfunna viser at ein større del enn ein har sett tidlegare har vore utsette for uønskt seksuell merksemd i ein arbeidssituasjon, seier rådgivar i Kantar Public Dina Hov i ei pressemelding.

Portrettbilete av blond, ung kvinne.

Dina Heider Hov. Foto: Kantar

Det er ein tendens som viser at dei som arbeider i reiselivs-, varehandel og restaurantbransjen, er meir utsette for seksuell trakassering enn andre yrkesgrupper, seier Parat-leiar Unn Kristin Olsen.

Trakasseringsbarometeret 2023 er laga av Kantar Public i samarbeid med Likestillings- og diskrimineringsombodet, Parat, Tekna, LO, Handel og Kontor, Fagforbundet og Fellesorganisasjonen.

Kvinner meir utsette

– Det er heller ikkje overraskande at kvinner er meir utsette enn menn. Eg merkar meg at det ifølgje barometeret er mange leiarar, særleg mannlege leiarar, som meiner det er lett å handtere spørsmål om seksuell trakassering.

– Her er eg redd dei tek litt for lett på problemet. Erfaringa vår er at det i konkrete saker ikkje er så lett. Det er kompliserte saker, som i tillegg involverer mykje kjensler hos alle partar, seier Olsen.

Dei sakene som endar opp til juridisk behandling, viser at sakene ofte utviklar seg frå ein uheldig seksualisert tone blant kollegaer på arbeidsplassen. Mange av dei ramma ser heller ikkje ut til å vere tilfredse med handteringa av slike saker.

– Det blir ofte reagert for seint og kanskje ikkje i det heile. Eg trur det er viktig at vi som arbeidstakarorganisasjon, gjennom tillitsvalde på kvar enkelt arbeidsplass, jobbar mot leiinga for å få slutt på dette, seier Olsen.